Fiktivt

Publisert

Då eg var eit barn, hadde eg heilt klårt mine issues med Peer Gynt. Fordi: Stel han ikkje ei brud med seg på bryllaupsdagen hennar? Kven gjer slikt? Framfor nasen på brudgommen? Guten ho elskar og skal dele livet sitt med?

Eg var 13 år og ein umedviten forsvarar av norske verdiar.

– Og det tok lang tid før eg las Peer Gynt på nytt, seier eg til Torvald Maurstad medan han gjer seg klar til framsyning.

Vi sit i garderoben hans på Det Norske Teatret. Ser på ansikta våre i spegelen. Ingen av dei nyfødde.

– Men då eg gjorde det, såg eg jo at Peer ikkje kom til bryllaupet med vonde hensikter. Han var ikkje ein gong invitert. Han ville berre vere med.

Torvald nikkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement