Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / Dag og Tid

3485
20181109

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Kjell Ingolf Ropstad

Vi møtest på ein grå dag, Kjell Ingolf Ropstad og eg, nokre dagar etter nestleiarens siger over leiaren i KrF i spørsmålet om vegval og politisk forankring. Vi møtest i sentrum, sjølvsagt, men litt til høgre for sentrum, på Åpent Bakeri på Skillebekk, der Kim Karlsen i bøkene til Lars Saabye Christensen ein gong rak gatelangs og følte seg litt dum og åleine – ikkje ei kjensle som pregar Kjell Ingolf om dagen. Eg hentar kaffi medan han finn eit bord.

– Så kva vil du ha for å bli glad, spør eg idet eg set meg.

– Du er rett på sak i dag, seier Kjell Ingolf med eit smil. – Greitt det. Nei, ei ny abortlov hadde nok gjort meg glad. Mellom anna.

Eg nikkar. Eg visste jo eigentleg det: – Ei ny abortlov, ja. Av di alt liv er heilagt?

Kjell Ingolf nikkar: – Det også.

– Men kva vil det seie, eigentleg, spør eg. – At eit liv er heilagt. Kva vil det seie å vere heilag?

– Kva det vil seie? At det er gudskapt og ukrenkeleg.

– Men er ikkje alt gudskapt, spør eg vidare. – Om éin ting er det, så er vel alt det? Også, til dømes, dei som ikkje vil ha ny abortlov?

Ansiktet til Kjell Ingolf skiftar farge ein augneblink, slik eit blad som snur på seg i vinden, gjer.

– Blir ikkje det noko pedantisk, spør han.

– Kan hende, men det eg meinte var: Om livet er heilagt, er ikkje alt vi gjer med det, også heilagt? Som å slå opp ein paraply når det regnar, til dømes? Eller å stå i kø på butikken?

– Men det blir teoretisk, seier Kjell Ingolf. – Eit liv er heilagt uavhengig av alle menneskelege diskursar.

– Ja? seier eg, og Kjell Ingolf nikkar.

– Så la meg spørje sånn, held eg fram: – Kvifor er det slik at det stadig er den splittande talen som samlar høgresida, og den samlande som tappar venstresida? Kvifor taper Knut Arild Hareide, som legg like mykje vekt på etikk som på sak? Måten vi gjer ting på, like mykje som kva vi gjer?

– Seier journalisten frå venstresida, kvitterer Kjell Ingolf.

Og eg må jo gje han til dels rett i det. Eg tilhøyrer ikkje høgresida politisk.

– Men no går du på avsendar heller enn innhald, held eg fram. – Som er kjernen i det som splittar: Det finst liksom ikkje politiske argument som argumenterer politisk lenger: Det som finst, er det vi her borte seier, og det dei der borte seier.

– Meir pedanteri, seier Kjell Ingolf. – Spelet er det same, sjølv om det blir spelt annleis.

– Hm. Eg reknar med at vi kan vere einige om å vere ueinige, seier eg. – Men eg har no alltid tenkt at det som skil eitt spel frå eit anna, er nett måten det blir spelt på. Handball med hendene, fotball med føtene og så vidare.

Så blir vi stille eit sekund eller to. Før begge ler.

– Eg trur vi treng kaffi, seier Kjell Ingolf lattermild og drikk av koppen sin.

Eg drikk av min også.

– Men om vi ser forbi avsendaren (Gud) også når det kjem til Jesus, og ser på politikken hans, held eg fram. –Jesus var ikkje ein økonomisk politikar, han var først og fremst etisk. Han ville gi til dei som ikkje hadde, passe på dei som var truga, samtidig som han var særs kritisk til makt og korrupsjon. Sånn sett kunne han like godt heitt Jens, seier eg.

Og Kjell Ingolf ler så han set kaffien i vrangstrupen.

– Jens Kristus, hikstar han, og han må springe etter serviettar til oss, og fylle på kaffien igjen.

Det er trass alt fint og lunt her, litt til høgre for sentrum. Godt med plass. Fin utsikt. Vi blir sitjande ei stund.

Nils-Øivind
Haagensen

Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis