Fiktivt

Publisert

William Nygaard og eg sit der vi sat første gongen eg snakka med han, den gongen om haustlista til forlaget hans, Aschehoug, den gongen som nytilsett journalist i Klassekampen, med raud blokk og blå penn. Vi sit ved eit lite bord i Aschehoug-kantina, som ikkje ser så veldig ut som ei kantine, kan hende, og det er ingen andre her, berre vi, og stemmene våre og ekkoet av stemmene.

– Eg hugsar det ekkoet, seier eg. – Du sat tilbakelent i stolen og var så ulik alle dei andre forlagssjefane eg snakka med den hausten, både til stades og i ei heilt anna verd. Då eg var ferdig med dei noko føreseielege spørsmåla, såg du på meg og lurte på kor gamal eg var, og om eg trong litt pengar.

William ler litt:

– Sa eg det?

Eg nikkar.

– Slo du til, då, spør han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement