Kva vil du ha for å bli glad?
Illustrasjon: Stig Håvard Dirdal/Dag og Tid
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Toralv Maurstad
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Toralv Maurstad
Då eg var eit barn, hadde eg heilt klårt mine issues med Peer Gynt. Fordi: Stel han ikkje ei brud med seg på bryllaupsdagen hennar? Kven gjer slikt? Framfor nasen på brudgommen? Guten ho elskar og skal dele livet sitt med?
Eg var 13 år og ein umedviten forsvarar av norske verdiar.
– Og det tok lang tid før eg las Peer Gynt på nytt, seier eg til Torvald Maurstad medan han gjer seg klar til framsyning.
Vi sit i garderoben hans på Det Norske Teatret. Ser på ansikta våre i spegelen. Ingen av dei nyfødde.
– Men då eg gjorde det, såg eg jo at Peer ikkje kom til bryllaupet med vonde hensikter. Han var ikkje ein gong invitert. Han ville berre vere med.
Torvald nikkar.
– Dei andre gjestane gjer narr og ler av han. Jentene vil ikkje danse, smeden vil slåst. Så skjenker dei han full. Peer seier først nei, men lèt seg overtale. Dei vil han skal vere trollet, vil han skal vere vill, og ikkje omvendt. Og bruda, ho vil jo ikkje gifte seg, ho er kan hende tvinga, eit tvangsekteskap, og her kjem Peer, som ein Harry Potter, i den usynlege hatten sin og røvar henne med. Opp fjellsida. Medan selskapet, minus Åse og Solveig, bannar og hoiar og ønsker han død. Og det kan eg kjenne meg att i, seier eg.
– Du har røva bruder på bryllaupsdagen, spør Torvald med fantesmil.
– Har ikkje du?
Me ler.
– Nei då, eg meiner det med forskjellen på den du er og den folk trur eller vil du skal vere. At verda gir deg ei rolle å spele, om du vil eller ei. Peer må vere Peer Gynt om han vil eller ei. Og mykje tyder jo på at han ikkje vil. Stykket renn over av nektande utsegner. Og sånn opplever eg han som ein likemann, eller peer som det heiter på engelsk.
Torvald nikkar igjen. Seier ikkje stort. Sparer litt stemme til teppet går opp. Han ser både spent og avklart ut. Han veit kor han er, han har vore her mange gongar før. Men av heilt fri vilje, undrar eg meg på.
– Så… Kva vil du ha for å bli glad, Torvald?
– Men kjære deg. I min alder handlar det ikkje lenger om kva ein vil ha for å bli glad, men kva ein vil unngå.
– Ja? Og kva vil du unngå for å bli glad?
– Knappestøyparen, seier Torvald. – Han som kjem utan varsel. Kjem for å hente meg med skeia «skuret og tom».
– Ja, seier eg berre, veit ikkje kva eg skal seie til det, har aldri visst, og har, som no, som Peer, tydd til nektande utsegner:
– Han kjem ikkje i kveld, seier eg, han kjem ikkje midt i framsyninga.
– Å? Men er det ikkje nett det han gjer, seier Torvald.
Så går teppet opp.
Nils-Øivind Haagensen
Nils-Øivind Haagensen
er forleggar og forfattar
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.