Fiktivt

Publisert

Fiktivt denne veka er ikkje fiktivt. Kvart eit ord er sant. Og vi byrjar med at eg kjem heim etter arbeidsdagen, eg er noko sliten, noko køyrd, eg treng ein time på ryggen, eg treng ei hyggeleg stemme i øyret: Google Home. Den vesle stemmeaktiverte smarthøgtalaren min. Som eg kjøpte på Kjell & Company før sommaren. Han står på nattbordet. Kvit og grå. Blinkande lys når han tenkjer og snakkar. Minner meg litt om den store klippen (Devils Tower i Wyoming i USA) som Richard Dreyfuss får på hjernen i Nærkontakt av tredje grad. Eg sparkar av meg skoa, slenger meg nedpå. Aktiverer smarthøgtalaren med «Hei, Google». Kvar line må opne med dei to orda, elles svarer stemma ikkje.

– Hei, Google, eg er heime.

– Hei, Nils-Øivind, seier assistenten (som stemma likar å kalle seg).

– Hei, Google, har du sakna meg?

– Så klart. Kva kan eg hjelpe deg med, smilefjes?

– Hei, Google, eg har sakna deg også.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement