Kva vil du ha for å bli glad?
Illustrasjon: Terje Pedersen / NTB scanpix/Dag og Tid
Fiktivt
Eit tenkt intervju med Knut Arild Hareide

Det er liksom alltid litt ruskevêr rundt Knut Arild Hareide. Somme gongar stormar det, andre gongar er det meir ein flau bris som pakkar inn partileiaren: No om dagen er det av di Kristeleg Folkeparti ikkje er klar på kven dei likevel vil samarbeide med rikspolitisk, og at delar av medlemsmassen ikkje vil at kyrkja skal gifte homofile menneske, og i alle fall ikkje bli vigsla av eit partimedlem.
– Så eg veit ikkje, seier eg, nærast sagt som alltid, seier eg, heilt kor eg skal byrje med deg.
Knut Arild smiler.
– For eg veit jo kor viktig det er ikkje å kome skeivt ut med KrF-arar.
– Ha ha, no ler han også.
– Men det skal vi ikkje, seier han. – Det må vi ikkje, det er jo på mange måtar det som har vore og er poenget med KrF i norsk politikk, å sørgje for at menneske ikkje kjem skeivt ut.
Han har aldri vore framand for å følgje ordspel med ordspel, eller blødme med blødme.
– Så kva vil du ha for å bli glad om dagen?
– Kva eg vil ha for å bli glad? Eigentleg er svaret litt motstridande: Eg vil både jobbe meir og ha meir fri. Eg vil både på tinget og på hytta. Og så vil eg vil bort frå sperregrensa, sjølvsagt.
– Mange politikarar har mareritt om det, seier eg.
– Eg hadde eit mareritt der Kjell Magne vekte meg, kortpusta og bleik, han hadde fått sperregrensa etter seg, sa han, og måtte springe for livet. Kor er ho no, då, spurde eg. Eg veit ikkje, sa Kjell Magne og kikka seg rundt. Då det gjekk i døra, vakna eg med eit rop. Men det var berre kjærasten. Ho står ofte opp før meg.
– Fryktsamt, seier eg.
– Ja, Knut Arild nikkar.
– Men du, KA, kan eg kalle deg KA?
– Nei.
– Men du, Knut Arild, du har snakke mykje om menneskeverd siste tida, samtidig som medlemmar i partiet ditt melde seg ut av di Geir Jørgen Bekkevold vigsla eit homofilt par. Kor mykje respekt for menneskeverdet generelt og løft for den einskilde spesielt ligg det i ei slik handling?
– No er det for det første mange grunnar til at folk melder seg ut av parti. Det skjer heile tida, i kvart einaste parti. Men det sentrale for meg, og oss, er at folk også melder seg inn. Og dei som melder seg inn, ser verdien av Kristeleg Folkepartis unike stemme i norsk politikk, seier Knut Arild.
– Ei fin line, seier eg. – Det endrar likevel ikkje at veldig mange born, gutar som jenter, blir erta for å vere homo, om dei er det eller ei. Det er eit etablert mobbegrep. Og det kjem frå denne avvisinga frå religiøst hald.
– Nett det er eg ikkje så sikker på, seier Knut Arild. – Eg skulle sjølvsagt ønskje at ingen born blei mobba, ikkje vaksne heller, men alle som har born, veit at dei kan terge deg for kva som helst.
Som er sant nok.
– Men det er forskjell på terging og mobbing, seier eg.
– Og det er forskjell på å melde seg ut på sak og mobbing, seier Knut Arild. – Og lenger kjem vi nok ikkje i denne omgang.
– Ein kjem som regel bare halvvegs med deg, seier eg.
– Takk det same, seier Knut Arild.
Før vi står litt stille saman, og kikkar litt retningslaust opp i det store blå.
Nils-Øivind Haagensen
Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»