Fiktivt
Illustrasjon: Lise Åserud / NTB scanpix/Dag og Tid
Så har det vore Amanda-utdeling i Haugesund. Og Leon Bashir har vist fingeren frå scenekanten. «Fuck off», skal han òg ha ropt der oppe frå. Kven har ikkje drøymt om å gjere det, er kan hende ein naturleg tanke når ein les sånt. Ta avstand frå alt og alle. Seie takk, men nei takk: Du har ikkje hjelpt meg før, så eg treng ikkje hjelpa di no.
– Men slike kjensler blæs over, seier eg til Leon, under den store, litt skumle brua i Haugesund sentrum, som ligg over det fine, rolege vatnet, verda er sånn: litt slik og litt slik. Tar frå deg noko for å gi deg noko anna.
– Du har ikkje høyrt om å telje til ti?
– Men kva gjer du når du kjem til tusen, svarar Leon.
– Så kva vil du ha for å bli glad, då?
– Kva eg vil ha? Eg vil bare ha ein fair sjanse, som alle andre. Litt stønad og god tru. Og gjerne ein Amanda eller to.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.