Fiktivt
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / Dag og Tid
Eg har ikkje tatt gull i noka idrettsgrein. Ikkje sølv heller. Og ikkje bronse. Eg har aldri tatt medalje i noko som helst. Eg har nokre diplom for deltaking frå barnehagen, og det er det (og sjølv dei har eg mista). Så det er ikkje heilt utan tenner eg spør Jakob Ingebrigtsen, som har tatt to gull og dansa for heile verda i det norske flagget, om kva han vil ha for å bli glad.
– Drit no i meg, seier han.
– Kva med deg? Kva vil du ha?
– Eg?
– Ja, du.
– Eg vil vere 17 år igjen, seier eg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.