Fiktivt

verud / NPK / NTB scanpix / Dag og Tid
<00E6>verud / NPK / NTB scanpix / Dag og Tid
Publisert

Det har vore snakka mykje om fotball dei siste vekene. Naturleg nok. Om Neymar, til dømes. Fotballstjerna som rullar seg rundt i graset til stadigheit. Det har vore snakka litt om Lionel Messi også. Fotballstjerna som ikkje skin slik ho pleidde. Og det russiske landslaget, som er korrupt og dopa. Og Diego Maradona, som pattar på sigarar sjølv om stadionet er røykfritt. Og vi har snakka om den svenske grana. Og vi har snakka om den danske trenaren. Men det laget vi har snakka mest om i desse vekene med verdsmeisterskap, er eit smågutelag frå Thailand. Og ein trenar som også er munk og har lært barna å meditere fleire tusen meter inni eit fjell.

Meditere for å overleve. For ikkje å få panikk. Ikkje miste alt håp.

– Og du, Jon, seier eg til Jon Fosse.

– Det er kan hende ei litt spuriøs kopling, men du har jo budd i ei grotte i lang tid no. Har thailandske styresmakter vore i kontakt?

Vi sit i graset i Slottsparken. Jon ler lågt og lenge før han svarar:

– Nei, nei. Ikkje som eg veit. Ikkje som eg har fått med meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement