Fiktivt
llustrasjon: Monica Strømdahl/NTB scanpix/Dag og Tid
Eg har mange gonger tenkt at det hadde vore ordentleg fint om livet mitt var utstyrt med eit latterspor. Som på dei amerikanske situasjonskomediane. Av di det hadde tatt litt av brodden av livet. Eg hugsar ein episode av Friends der Monica trur Chandler er utru mot henne, som ikkje er bra, så klart, men heile vegen følgjer lattersporet med, og ein skjønar at det ikkje kjem til å gå så gale, sidan latteren er der.
– Men det som kan hende hadde vore endå betre, seier eg til Lise Klaveness, som sit ved sida av meg på ein stor, tom Spartak stadion i Moskva, sola står høgt på himmelen, graset ligg stile og grønt der nede.
– Det som hadde vore enda betre, held eg fram, er eit ekspertkommentatorspor, frå ein som deg, ein som samanliknar og knyter livet ditt opp mot andre liv, kan hende store liv, ein som ser samanhengar du sjølv ikkje ser, i det du heile tida gjer. Det hadde vore utruleg fint.
Lise nikkar:
– Ikkje heilt det eg driv på med, men det høyrest fint ut, ja. Lett å gløyme dei store linene i det daglege livet, godt å bli mint på dei.
Det Lise driv på med, veit dei fleste no. Ho er den første kvinnelege ekspertkommentatoren i eit fotball-VM gjennom tidene, og sjølv om kvinnelege meisterskap har vegg til vegg med mannlege ekspertar, har Lise fått tyn frå norske mannlege TV-sjåarar på nett: Øyra mine blør, skriv éin. Ein annan kallar henne eit irritasjonsmoment og ikkje noko anna. Og eg minnest ei line frå filmen Moneyball – om baseballtrenaren Billy Beane som revolusjonerte amerikansk baseball: «The first guy through the wall always gets bloody.» Som Lise tar med knusande stor ro. Å vere første kvinne gjennom. Ho hadde stålsett seg, seier ho. Det var forventa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.