Fiktivt

Publisert

Ein gong var Simon og eg dei nye Pirlo og Batistuta. Med langt hår, hoftefeste og mjuke okler. Det var i Bergen på nittitalet. Det var studiar og innefotball. Og vi kunne tatt nivået i Serie A. Heilt klart. Vi kunne definitivt tatt Eliteserien. Men vi valde litteraturen og klasserommet. Høvesvis. Vi blei det Seamus Heaney ein stad kallar «a nine to five man who had seen poetry». Siste tida har Simon vore litt i vinden. Etter ein snart famøs opptreden på Dagsnytt 18, der han kritiserte nokre av konsekvensane som fritt skuleval har fått i Oslo-regionen.

– Klasseromma er ikkje på Serie A-nivå, akkurat, seier eg. – Ikkje Eliteserien heller. Dei er ikkje ein gong Obos-ligaen. Dei er aldersbestemt. Dei er sidelinjer utan linjemenn og hjørnespark frå sekstenmeterstreken.

– Nå så. Bøkene dine er ikkje akkurat pensum i det italienske skoleverket sist eg sjekka, seier Simon. – Eller det spanske. Eller tyske. Eller franske.

– Jajaja. Point taken, seier eg.

Og blir stille ein augneblink. Prøvar å hugse noko eg las for nokre veker sidan, om at inspirasjon er ein vanskjøtta del av utdanninga vår. At lærarens første jobb, første jobb i jobben, må vere å inspirere. Slik ein ven kan inspirere. Eller ein kunstnar. Eller filosof. Eller, Gud forby, politikar.

– Eller John Keating, seier Simon ertande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement