Fiktivt

OSLO 20090805.Leder i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Foto: Berit Roald / Scanpix
OSLO 20090805.Leder i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Foto: Berit Roald / ScanpixOSLO 20090805.Leder i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete. Foto: Berit Roald / Scanpix
Publisert

– Hei, Liv Signe, seier eg og vinkar henne bort til benken eg sit på i eit lite grøntområde midt i tigerstaden. Mykje støy, mykje folk rundt oss. Lett å leggje til: mykje stress. Men kven veit? Nokre av dei som flyg forbi, er kanskje glade i nett det: å kunne fly forbi.

Liv Signe set seg: – Hei tilbake, seier ho.

– Eg har med noko til deg, seier eg.

– Har du det?

Eg nikkar og finn fram ein oppbevaringspose frå Trend, som er eit selskap eller ei nettside, eg er ikkje sikker, norsk eller utanlandsk, kven veit. Posen er kvit, eller litt beige, med hyttevettreglane skrivne stort på eine sida.

– Kva er det for noko? ler Liv Signe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement