Bok

Festleg og sanseleg

To av tre artar på jorda er insekt. Ta billene: Heile 400.000 ulike artar finst. Berre i Noreg er 3600 artar registrerte. Artsrikdomen er fantastisk, men utviklinga er alarmerande. Insekta døyr. Denne boka oppmodar lesaren om å passe betre på dei.

Dette er den andre utgjevinga i ein serie der marihøna viser veg ut i naturen. Vi får lære om eit utval insekt i norsk fauna. Alle blir presenterte gjennom to ulike teikningar som syner styrken og breidda i Jan-Kåre Øiens illustrasjonskunst.

Først kjem ei vitseteikning som leikar med skapningen vi skal få lære meir om. Snutebilla er på restaurant og bruker snabelen som sugerør i brusflaska. Tordivelen gifter seg på ein hestelort som i songen. Deretter kjem teikningar som minner om plansjane i naturfagrommet då vi var små: detaljerte, men med eit kunstnarleg preg.

I faktateksten vender forfattaren seg til eit sansande «du». Han oppmodar lesaren om å kjenne, lukte og lytte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement