Feminismedebatt i anna tempo

Det feministiske tidsskriftet Fett feirar 15 år som eit anna tidsskrift enn det var tenkt som då det vart etablert.

­– Eg meiner tidsskrift og dei meir saktegåande debattane er bra, seier Fett-redaktør Hanne Linn Skogvang.
­– Eg meiner tidsskrift og dei meir saktegåande debattane er bra, seier Fett-redaktør Hanne Linn Skogvang.

Då det feministiske tidsskriftet Fett vart etablert i 2004, var tanken å samle det som vart oppfatta som ei rørsle utan retning og samlingspunkt, og å skape rom for feministisk debatt på feministiske premissar. Det seier Kristin Engh Førde, som var den fyrste redaktøren av Fett.

Det går an å undre seg over det utgangspunktet i dag, men vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2004 før ein debatt om tidsklemma i Standpunkt på NRK faktisk kunne ende i ein diskusjon om ein kunne forsvare at kvinner var ute i lønt arbeid eller ikkje. Om feminismen i det heile slapp til i media den gongen, handla det vel så mykje om skilnader og krangling mellom ulike typar feminisme som om dei politiske krava dei hadde sams.

No har Fett nett feira 15-årsjubileum, og det 2004-feministane drøymde om, har i stor grad vorte ein realitet, slik Førde ser det: Feminismen har vorte allemannseige og ein meir sjølvsagd del av både populærkulturen og mediebiletet.

Og Fett er ikkje lenger åleine. Det finst ei rekkje andre feministiske tidsskrift og nettstader, også i Noreg. Like fullt held Fett stand og går snart inn i sitt sekstande år. Det er ikkje mindre enn ei bragd, meiner både Førde og tidlegare redaktør av feministmagasinet Sirene, Astrid Brekken. Sirene gjekk inn i 1983 etter å ha eksistert i ti år.

Var før metoo

Dagens Fett-redaktør Hanne Linn Skogvang meiner Fett har vore ein viktig bidragsytar til framveksten feminismen no opplever. Ho overtok som redaktør i fjor, men har vore redaksjonsmedlem i Fett i fleire år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement