Feminismedebatt i anna tempo
Det feministiske tidsskriftet Fett feirar 15 år som eit anna tidsskrift enn det var tenkt som då det vart etablert.
– Eg meiner tidsskrift og dei meir saktegåande debattane er bra, seier Fett-redaktør Hanne Linn Skogvang.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Fett
Er eit feministisk tidsskrift som vart etablert i 2004 og kjem ut fire gonger i året
Er eigd av Kvinnefronten og vert gjeve ut med støtte frå Norsk kulturråd, Oslo kommune, Bergen kommune og Fritt Ord
Følgjer Redaktørplakaten og er redaksjonelt uavhengig
Har redaksjon i både Oslo og Bergen
Har eit opplag på 1700 og rundt 1000 tingarar

Feminisme
eva@dagogtid.no
Då det feministiske tidsskriftet Fett vart etablert i 2004, var tanken å samle det som vart oppfatta som ei rørsle utan retning og samlingspunkt, og å skape rom for feministisk debatt på feministiske premissar. Det seier Kristin Engh Førde, som var den fyrste redaktøren av Fett.
Det går an å undre seg over det utgangspunktet i dag, men vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2004 før ein debatt om tidsklemma i Standpunkt på NRK faktisk kunne ende i ein diskusjon om ein kunne forsvare at kvinner var ute i lønt arbeid eller ikkje. Om feminismen i det heile slapp til i media den gongen, handla det vel så mykje om skilnader og krangling mellom ulike typar feminisme som om dei politiske krava dei hadde sams.
No har Fett nett feira 15-årsjubileum, og det 2004-feministane drøymde om, har i stor grad vorte ein realitet, slik Førde ser det: Feminismen har vorte allemannseige og ein meir sjølvsagd del av både populærkulturen og mediebiletet.
Og Fett er ikkje lenger åleine. Det finst ei rekkje andre feministiske tidsskrift og nettstader, også i Noreg. Like fullt held Fett stand og går snart inn i sitt sekstande år. Det er ikkje mindre enn ei bragd, meiner både Førde og tidlegare redaktør av feministmagasinet Sirene, Astrid Brekken. Sirene gjekk inn i 1983 etter å ha eksistert i ti år.
Var før metoo
Dagens Fett-redaktør Hanne Linn Skogvang meiner Fett har vore ein viktig bidragsytar til framveksten feminismen no opplever. Ho overtok som redaktør i fjor, men har vore redaksjonsmedlem i Fett i fleire år.
– Fett har vore med på å synleggjere feministiske problemstillingar og debattar heile tida. Vi starta jo til dømes ein #jegharopplevd-kampanje i 2015, før metoo. Det som var så genialt med metoo, var at det då vart hekta på arbeidslivet. Det gjorde det meir konkret og lettare å etterlyse politikk og tiltak. Men også før dette har Fett bidrege til ei feministisk medvitsgjering og til at feminismen har vorte breiare, seier ho.
Like fullt er opplagstala no lågare enn dei var i dei fyrste åra. I 2009 hadde Fett eit opplag på rundt 3500. No har tidsskriftet rundt 1000 abonnentar og eit samla opplag på 1700.
Sirene hadde på det meste eit opplag på opp mot 30.000.
– Er det ikkje like stort behov for eit feministisk magasin i dag?
– Eg trur det er samansette forklaringar på skilnadene i opplag. Mellom anna får ein i dag feministisk stoff i fleire kanalar, og det går an å finne mykje informasjon på nettet. Sjølv brenn eg likevel for papirtidsskriftet, og eg trur det er behov for ein slik meir saktegåande feminisme òg, seier Skogvang.
Ho fortel at opplagstala har lege stabilt dei siste åra, men har hatt eit lite oppsving i det siste.
Den som har lese Fett frå starten, vil sjå at tidsskriftet har endra seg. Den glansa utgåva, som av utsjånad kunne minne om eit typisk dameblad, er bytt ut med matt trykk, fleire sider og ei framside som har meir tekst enn bilete. Og feminismeintervjua med kjendisar er erstatta av intervju med eller portrett av kjende og sentrale feministar.
Spark i ulike retningar
Det som i starten skulle vere ein arena for alle, har i større grad vorte ein nisje. Og mykje proffare, ifølgje Førde.
Skogvang seier målet no er å bidra med research og meir saktetenkjande og kritisk feminisme.
– Når feminismen får meir og meir gjennomslag og vert diskutert overalt, er det òg rom for eit tidsskrift som trekkjer seg litt tilbake, og som kan konsentrere seg meir om å gje tyngd til debattane. Vi ønskjer å tenkje høgt og å kunne sparke i ulike retningar. Der meiner eg Fett òg har ein unik posisjon, som eg trur er viktig, seier ho.
– Har Fett lukkast med å verte eit debattforum for alle typar feministar?
– Vi har ikkje drege til oss så mange borgarlege feministar, men vi har eit stort meiningsmangfald på trykk likevel, det er berre ikkje partistyrt. Vi er opptekne av å ha med ulike røyster, og eg ønskjer òg å få fram ulike røyster som seier kvarandre imot. Det er usemje i feminismen, og det skal vi halde fram med å syne fram.
– Så det er rom for borgarlege feministar òg?
– Ja, det vil eg absolutt seie. Det det står på, er argumentasjonen, ikkje meiningane. Vi har jo, som andre tidsskrift, lange redigeringsprosessar der vi gjev innspel til tekstane, seier Skogvang.
I dialog med seg sjølv
– Kva er dei viktigaste kampsakene for feministar i dag?
– Eg har alltid sett på feminismen som ei avvising av enkle forklaringar og hierarki, og vil ikkje lage hierarki mellom ulike saker heller. Når det er sagt, er eg personleg spent på å sjå kva som vert konsekvensane av etableringa av lågterskeltilbodet mot seksuell trakassering på nyåret. Det er på høg tid at det kjem ei slik ordning. I det neste nummeret av Fett skal vi sjå meir på feminisme i by og bygder, det er eg òg spent på. Det kom nyleg ei undersøking om krisesentertilbodet i ulike kommunar, og der var det altfor få kommunar som hadde svart, og som hadde ein offensiv handlingsplan mot vald mot kvinner. Det å bestemme over eigen kropp er eit sentralt tema i feminismen. Så lenge det vert utfordra, er det behov for feminismen.
– Ser du negative utviklingstrekk i feminismen, eller er meir feminisme berre bra?
– Det vil alltid vere nokre negative utviklingstrekk, men det er òg litt av grunnen til at eg meiner tidsskrift og dei meir saktegåande debattane er bra. Debattar i sosiale medium går fort, og det kan det vere mykje positivt med, men av og til kan det òg gå så fort at ikkje alt er like gjennomtenkt. Difor trur eg det er bra med redigerte medium òg, der ein må gå meir i dialog med seg sjølv når ein skriv kritisk.
–?Kjem Fett til å leve i 15 år til?
– Vi har feira jubileum kvart femte år, og vi fekk til ei stor og fin feiring no i haust. Det trur eg tyder på at Fett er viktig for mange. Så eg håpar på 15 nye år, men kven veit. Det er ikkje lett å vite korleis medierøyndomen ser ut om 15 år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi ønskjer å tenkje høgt og å kunne sparke i ulike retningar.
Hanne Linn Skogvang, redaktør i Fett
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.