Feit utstilling i LondonMuseum of London stiller ut ein feittklump frå kloakken.UtstillingNora Rydne
Museum of London stiller ut ein feittklump frå kloakken.
I London kan du sjå ein bit av byens største feittberg, i Westminsterkloakken.
Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix
Om du skal til London denne våren, kan du vere så heldig og få med deg det som truleg er den feitaste museumsutstillinga som er å finne – bokstaveleg tala. Den 9. februar stiller nemleg Museum of London ut ein bit av byens største kloakkfeittberg. Utstillinga blir presist nok kalla «Fatberg!».
Då det vart funne ein 130 tonn tung feittklump som blokkerte eit kloakkrøyr i London i september i fjor, visste kurator Vyki Sparkes ved Museum of London kva ho måtte gjere. Ho ville sikre seg ein bit av det som blei kalla «monsterfeittberget». Museet tok kontakt med vasselskapet Thames Water før dei rakk å gå laus på feittklumpen med høgtrykkspylarar.
Feittklumpar i kloakksystemet i London er ikkje noko nytt, så Sparkes hadde ønskt seg eit slikt eksemplar i fleire år. «Ingen har nokosinne prøvd å ta vare på eit feittberg før», seier Sparkes til det engelske magasinet Wired.
Men no har ho endeleg fått det som ho ville. Vasselskapet fekk soge ut ein feittbit full av hår, kondom og anna søppel, og tørka han i eit karanteneområde. Resultatet blei ein hard klump rein kloakk på storleik med ei skoeske som museumsbesøkande kan få gleda av å kvile auga på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.