Far min og «Restauration»
Hadde det ikkje vore for far min, ville kanskje ikkje replikaen av emigrantskipet blitt bygd.
Det faglege rådet bak rekonstruksjonen av emigrantskipet «Restauration» då kjølen blei strekt i 2006. Frå venstre er Arne Emil Christensen, Gunleiv Seldal, Harald Hamre, Harald Dalland, Jørn Flesjå og Maurice Clement.
Foto: Kjell Augestad
Eg var blant dei elevane i klasserommet som strekte handa i vêret for ivrig å leggja til noko, fortelja min eigen personlege innfallsvinkel til temaet læraren snakka om. Koma med små fun facts som dei andre ikkje visste, ikkje hadde moglegheita til å vita, rett og slett fordi dei ikkje hadde foreldra mine til foreldre.
Eg har ikkje endra meg så mykje på det feltet. Denne teksten her er nett ei slik «opp-med-handa»-forteljing.
For medan dei fleste veit at det er 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika, og kollega Hallgeir Opedal fylgjer i fotspora til Cleng Peerson på sjette veke her i avisa, kan dei aller færraste svara på denne quizen:
- Kven var dei tre personane som i 2006 danna den fyrste stiftinga for å få bygd replikaen «Restauration», sluppen som gjekk ut frå Stavanger 4. juli og etter planen skal vera framme i New York 9. oktober?
- Byggjeteikningar frå den ekte «Restauration» var ikkje å finna. Lasteevna, altså volumet, var kjend, men ikkje måla. Det vart nedsett eit fagleg råd for å koma fram til mål å byggja etter. Kva måleiningar vart nytta?
- Og kven laga logoen som framleis vert nytta til Stiftelsen Emigrantskipet Restauration?
Svara finn du kanskje på nettsida til Utvandrarmuseet, tenkjer du? Der dei har samla alt om utvandringa og alle arrangement i samband med dette jubileumsåret?
Eg skriv inn i søkjefeltet oppe til høgre på sida: Nordbø. «Ditt søk på Nordbø gav 0 treff». Så eg søkjer på Flesjå, med same resultat, null treff. Til slutt søkjer eg Clement, men heller ikkje Clement er nemnd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.