Fantasi og fakta
Korleis går det med språket vårt? Ver så god, no er svaret her, i form av 2500 sider med faktum, tabellar, forteljingar og kuriosa.
Ottar Grepstad har lagt siste hand på verket i det 23 år lange forskings-, dokumentasjons- og bokprosjektet Språkfakta.
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB
Historia om forskings-, dokumentasjons- og bokprosjektet Språkfakta starta med eit enkelt spørsmål, som svirra i nynorskkrinsar i 1997. Ivar Aasen-året 1996, som markerte hundreårsminnet for Ivar Aasens død, var nett avslutta. Ottar Grepstad, kanskje best titulert som språknestor, var ein av dei som stilte spørsmålet: Korleis går det med nynorskbrukarane? Ein visste litt om korleis nynorsk vart nytta i skulen, kyrkja og NRK, men kva meir?
– Prosjektet var å samle pålitelege harddata, som vi kalla det den gongen. Tankegangen var at ein kunne få ein meir opplyst diskusjon om språk i Noreg om ein kunne talfeste ting, seier Grepstad til Dag og Tid.
– Prosjektet voks?
– Ut over alle grenser. Eg vart vel litt overraska over kor mykje det var mogleg å finne. Éin ting er å finne ting som andre har laga. Ein annan å utvikle måtar å finne nye tal på og nye måtar å kombinere tal på. Då er det nesten berre fantasien som set grenser. Det er mykje fantasi i tabellar.
Norsk på topp 100-lista
I dag, 23 år og seks Språkfakta-bøker seinare, er dei to siste verka klare. Stoff frå meir enn 10.000 kjelder er oppsummert i ei trykt bok på 730 sider og ei e-bok med 1080 tabellar og figurar på 1777 sider. Grepstad har samarbeidd med forskingsinstitusjonen SIL International i Dallas, som har gjort det mogleg å vise internasjonale utviklingstrekk og kople desse til språksituasjonen i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.