Litteratur
Fagforeiningsleiaren
DnFs nye leiar skreiv bøker i 20 år før han vart invitert til litteraturfestivalar. No turnerer Brynjulf Jung Tjønn med fleire dikt som tidlegare har vorte refuserte.
Brynjulf Jung Tjønn er ny leiar i Den norske Forfatterforening og har eit godt samarbeid med det konkurrerande Forfatterforbundet.
Foto: Eva Aalberg Undheim
– Eg har ingen agenda på eigne vegner. Skal det stå att noko etter mi tid som leiar, håpar eg det er at eg gjorde ein real, grundig og ærleg jobb på vegner av medlemmene.
Det seier Brynjulf Jung Tjønn, forfattaren, lyrikaren og forlagsredaktøren som tidlegare i år vart valt til ny leiar i Den norske Forfatterforening, interesseorganisasjonen for norske skjønnlitterære forfattarar.
Han har aldri hatt ønske om å leie noko, seier han, men han var likevel ikkje i tvil då han vart spurd om å stille.
– Eg har alltid vore oppteken av forfattarens vilkår og økonomiske rettar, og nett no er det mykje som står på spel for norske skjønnlitterære forfattarar, seier han.
Eg møter han på det nye kontoret i Vika terrasse i Oslo, der han flytta inn like før sommaren. Rommet er lyst opp av låg septembersol og møblert med langt møtebord, full bokhylle og eit stort skrivebord.
Dei to største sakene han har på bordet no, er forhandlingar om ein ny normalkontrakt for skjønnlitterære forfattarar, og problemstillingar knytte til kunstig intelligens (KI).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.