Få lyspunkt
Lite tyder på at festspeldirektøren Beyer kjem til å endra kurs når det gjeld satsinga på klassisk musikk.
Hadde eg vore kunstmeldar, teatermeldar eller operert innanfor andre musikalske sfærar enn den klassiske, ville inntrykket mitt kanskje vore annleis. Men med fokus på det klassiske konstaterer eg at årets Festspillene i Bergen, dei 66. i rekkja, er dei mest keisame eg har opplevd. Bortsett frå nokre få lyspunkt er det lite i programmet som lokkar til Bergen.
Det førebelse høgdepunktet kom tidleg med opningskonserten i Grieghallen onsdag førre veke: Å framføra eit verk som krev så store besetningsressursar som Hector Berlioz’ (1803–1869) Requiem, er det knapt nokon annan institusjon i Noreg enn Festspillene som har krefter til. Fritt for klassisk Dødsmessa var noko eg kjem til å hugsa. Det var ein sann katarsis etter den dødskeisame opningsseremonien på Torgallmenningen tidlegare på dagen.
Eg lyt slutta å ta desse opningsseremoniane på alvor; ein gong var dei ein ouverture der representative smakebitar frå programmet gav oss eit bilete av kva som var i vente dei komande to festvekene. Det vil seia: På sett og vis var seremonien representativ. Det at han ikkje inneheldt klassisk musikk, men rap, folkrock og etnomusikk, syner Festspillenes prioriteringar.
Grieg som forsvann
I fjor hadde det som tradisjonelt har vore Festspillenes kjerne, den klassiske musikken, operaen og balletten, ein liten oppsving etter at festspeldirektør Anders Beyer hadde hausta krass kritikk for retninga si. Me kan konstatera at verknaden var kortvarig. I år var det ingen gjestespel av symfoni–?eller kammerorkester, ikkje noko scenisk operagjestespel, ingen barokkorkester, ja, ikkje noka form for barokkensemble i det heile.
At Grieg har 175-årsjubileum, nemner ikkje direktøren med eitt ord i festspelprogrammet. Heller ikkje i programmeringa viser det igjen. Eg bur i den byen der Grieg studerte, Leipzig. Ingen annan by i Tyskland har fostra eller hyst fleire store klassiske komponistar. Likevel feirar dei Grieg-jubileet med eigne konsertseriar og festføredrag. Noreg har éin stor komponist, Grieg, som blir ignorert av festspela i heimbyen sin.
Sterk på teater
Medan Beyer satsar tungt, både dramaturgisk og finansielt, på eigne, nye teaterproduksjonar, fyller han brorparten av klassiskkvoten med innkjøpte produksjonar i miniformat. Dei kan i og for seg vera fine; klaveraftan med András Schiff og songaftan med Bryn Terfel løner det seg å gå på, men slikt set ikkje Bergen på kartet internasjonalt, for du kan høyra nett det same andre stader. Bergen Filharmoniske Orkester deltek i år med fire konsertprogram. Det er eit flott orkester, men dei spelar i Bergen heile året – at dei skal bera det symfoniske programmet til Festspillene åleine, blir feil for festivalen som er Nordens største i sitt slag.
Beyers støe kurs
Beyer byrja som direktør i 2012 og sit på åremål til 2022. Statuttane til Festspillene føreskriv mellom anna at dei skal «gi et bilde av de beste norske og internasjonale kunstfrembringelser, vesentlig innenfor musikk». At Beyer kjem til å endra kurs når det gjeld det klassiske, har eg inga tru på, særleg sidan han har full ryggdekning frå styreleiaren sin, a-ha-medlem og kunstnar Magne Furuholmen – det blir nok verre før det blir betre og Festspillene finn attende til seg sjølv. Som Beyer sjølv uttalte til BT førre veke: «Vi har kun sett små overflatekrusninger», for «om fem år kan Festspillene bli noe helt annet».
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»