EU opnar for lågare moms på nettEU-landa har gått inn for å likebehandle digitale utgjevingar med trykte bøker, aviser og blad.
EU-landa har gått inn for å likebehandle digitale utgjevingar med trykte bøker, aviser og blad.
Noreg har alt nullmoms på elektroniske nyhende. No kan nabolanda og andre europeiske land få det same.
I alle fall har EUs medlemsland denne veka gått inn for å likebehandle digitale utgjevingar med trykte bøker, aviser og blad.
Vedtaket inneber redusert moms eller nullmoms på e-
aviser, e-bøker og andre digitale produkt, som i dag har krav om minst 15 prosent moms.
I Sverige inneber vedtaket at digitale utgjevingar kan få redusert moms frå 25 prosent i dag til 6 prosent, som er ei likestilling med andre bokformat, skriv nettsida Bok365.
I Danmark er det inngått eit medieforlik som fjernar moms på digitale nyhendemedium frå nyttår 2020.
– Ein stor stein er rydda av vegen, seier den danske kulturministeren Mette Bock til Politiken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.