Kulturkommentar

Er den nye VM-låten god eller dårleg?Spørsmålet er feil stilt.

  

Publisert Sist oppdatert

I samband med privatlandskampane til det norske herrelandslaget i fotball i starten av påska lanserte supportergruppa Oljeberget låten «Vikingblod». Med hjelp av Petter «Katastrofe» Bjørklund Kristiansen kunne dei fortelje at bodskapen norske supportarar skal ha med seg til fotball-VM i Nord-Amerika, er at dei kjem med, som låttittelen seier, vikingblod.

Fleire med dokumentert hitkompetanse er involverte i låten, til dømes Jonas Thomassen, som blei nummer to i Idol i 2006, og broren Martin. Dei har spelt mykje med Vidar Villa, som i 2018 var med i Melodi Grand Prix med ein låt til mora til brørne Thomassen, «Moren din».

Det var ein slags MILF-låt (om du ikkje veit kva det tyder, lat det vere slik), laga for å provosere litt og kanskje òg kome eit stykke opp på pallen. Til orientering var det Alexander Rybak som vann med pedagogiske «That's How You Write a Song» det året.

Petter Katastrofe er ein av dei som tidleg skjønte urban bygdekultur i by, altså råning, i Noreg, og korleis dette kunne seljast i Sverige. Med bandet Halva Priset og «Den fineste Chevy’n» klarte han å setje ord på dei dødelege konsekvensane av å køyre bil i fylla, med hjelp av mellom anna Maria Mena.

Det er altså ingen amatørar som står bak denne låten, sjølv om teksten kan framstå slik. «Vikingblod» er ein tekst som søkjer å knyte Leiv Eriksson og slaget på Stiklestad saman med fotball-VM.

Teksten er pinleg teit, og så svak at ein nesten kan vere trygg på at KI ikkje har vore involvert. Det meste er kasta inn for å få han til å gå opp, som at «Amerika» får rime på «Stiklestad», og at «blod» rimar på «ro». For å kome seg til Amerika må ein ekte viking sjølvsagt ro.

Dermed vert allsongen ikkje eit refreng, men eit hook der alle skal rope «Ro! Ro! Ro! Ro! Ro! Ro!». Med tanke på at norske skjenkereglar vert på sitt mest liberale under meisterskapen, er det lurt å halde det enkelt og heller gå for noko som òg ville ha fungert på afterski.

Det gjorde for så vidt den regjerande norske VM-låten «Alt for Norge» òg. Ivar Dyrhaug-teksten nyttar valspråket til kongen som eit seigt refreng alle kan ralle med på, sjølv veldig seint på kvelden eller tidleg om morgonen, som vert tilfellet i år.

Den historiske forståinga i «Vikingblod» er håplaus, ein hoppar til dømes over 100 år for å få talet på stavingar til å gå opp, og kastar inn både Odin, Arne Scheie og Åge Hareide. Dessutan var det vel ikkje akkurat folk med austlandsdialekt som vann på Stiklestad.

Men å trekkje inn bondehæren i dette vert sjølvsagt for komplisert. Då er det kjekkare å vere vikingar.

Dette er også problemet med å diskutere låten ut frå normative omgrep om kvalitet. Fotball handlar ikkje om sjølvironi. Ein treng ikkje anna sjølvinnsikt enn kvifor ein vann eller ikkje vann kampen. Noreg under Drillo vann kampar, men var vel like kjend for å spele «stygg» og «kjedeleg» fotball. Men det viktigaste i fotball er å vinne kampen, ikkje å vere estetisk og moralsk vinnar.

«Etikketaten» på P2 fortalde tidlegare Rosenborg-spelar Michael Stilson at det verste han har gjort på ein fotballbane, er å jukse seg til eit straffespark, noko som seinare førte til at laget hans vann. Medan filosofen Heine Holmen seier at det var slike ting som gjorde at han slutta med fotball sjølv. Enkelt sagt klarte han ikkje å skilje generell moral og god lagmoral.

Eg bur i Bergen. Verdas største grend, ifølgje Ole Paus, og ein by som ikkje er redd for å setje ord på kjenslene. Kjensler som ofte høyrest ut som tull når ein fortel om dei til andre. Særleg songane til Brann.

Brann-supporterane er sannsynlegvis dei mest sjølvironiske på jordoverflata. Dei syng om at «gullet ska hem» når laget ser ut til å tape, og har ein sterk kjærleik til den tidlegare spelaren og sunnmøringen Geir Hasund.

Ein kan alltid rope «Geir Hasund» i kva som helst forsamlingslokale og få «Geir Hasund» ropt tilbake. Då Bergen hadde sykkel-VM i 2017, hadde nokon skrive «Geir Hasund» over heile vegen i det bratte motbakkeløpet opp til Fløyen. Kva grunnen var, er for kronglete å forklare her, han var langt frå den beste på laget, men veldig god ein gong då det gjaldt som mest.

Denne erkjenninga av at ein ikkje er best, men i alle fall god nok, er noko som Racer (eit pseudonym for DumDum Boys) tok føre seg i 1998 med «Bønda fra nord». Ein sjølvironisk og effektiv rockelåt om kven fotballandslaget eigentleg er («Myggen og Berg har med minibar»), men med den like sjølvsikre «banker alt på fremmed jord» som rimretorisk poeng. Og her er Noreg sjølve bondehæren.

At låten opphaveleg kjem frå eit riff som bassist Aslak Dørum laga til ein kortfilm for Dag Johan Haugerud, gjer han endå sterkare i mine øyre.

I 1994 kom det elles to låtar til Noreg si andre VM-deltaking nokosinne. Den andre er eit prosjekt med det konstruerte bandet Norske Sleivspark, ein laus gjeng av musikarar i venekrinsen til Kristopher Schau og Egil Hegerberg. Der det ærlege refrenget er «Nå er’e VM, skru på TV’n», medan versa snublar i ei heilt fortreffeleg rekkje av feilslåtte naudrim, og hevdar at Drillo har tatt namnet sitt frå ein is (for dei som ikkje hugsar det, så var Drillo-isen ei greie på den tida).

Låten sluttar med oppropet «gje meg ein p, gje meg ein r, gje meg ein i, gje meg ein m, hva blir det?».

Ja, det blir prim. Smelta brunost. Meir norsk vert det ikkje.

VM-låten kan du sjå og høyre her.