Kunst
Eldsjelene
Frå utstillinga «Å begjære vold» ved Trøndelag senter for samtidskunst i 2018.
Foto: Susann Jamtøy
Tekstilkunstnaren Pia Antonsen Rognes vart berre 39 år gamal.
I fjor haust døydde ho brått etter kort tids sjukdom, berre to veker etter opninga av utstillinga Glob of Prey i Prosjektrom Carl Berner i Oslo. Ho rakk å markere seg med mange viktige utstillingar, og etterlét seg eit rikt og særeige kunstnarskap med tekstil som hovudingrediens.
Ho er best kjend for digre skulpturelle vesen i skarpt rosa og raudt, og svart. Utan auge, munn eller øyre buktar og bølgjer dei seg utover golvet.
Så forunderleg livaktige løftar figurane seg oppover mot taket, struttande og forvridde.
Formene er like estetisk tiltalande som dei skaper uhygge.
Dei verkar så forvaksne, desse framandarta skapnadene, det er likesom indre organ som tarmar, blodårer og lunger har fått sjølvstendig liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.