Eksil i «Austerrike»
60 år etter rivinga er den austerrikske filosofen Ludwig Wittgensteins hus i Skjolden atterreist.
«Austerrike»: Det atterreiste huset til Ludwig Wittgenstein i lia over Eidsvatnet i Skjolden, der han budde i fem periodar.
Foto: Sjur Haga Bringeland
«Austerrike» kallar skjoldingane han, staden 30 meter oppe i brattlia over det turkisfarga Eidsvatnet i Skjolden, der den eksentriske wieneren Ludwig Wittgenstein bestemte seg for å reisa seg eit hus i 1913. Dette var fyrste gongen den då 24 år gamle filosofen vitja bygda inst i Sognefjorden. Han skulle koma attende fem gonger fram til 1950 – dei to lengste opphalda varte i trekvart og halvtanna år.
Nokre av dei fagleg mest utbyterike stundene opplevde han her, mellom anna utarbeidinga av dei fyrste filosofiske grunntesane som munna ut i den einaste filosofiske boka han gav ut medan han levde, Tractatus Logico-Philosophicus frå 1921. Til moralfilosofen George Edward Moore (1873–1958), som han overtok filosofiprofessoratet ved Cambridge-universitetet etter, formulerte han eremittlivet i Skjolden slik: «Eg kan ikkje sjå føre meg at eg kunne ha arbeidd nokon annan stad slik eg gjer her. Det er roa og kan hende det vedunderlege landskapet; eg meiner det stille alvoret i landskapet.»
Demontert og montert
Men for «wittgensteinianarar» som har valfarta til Skjolden dei siste 60 åra, har det ikkje vore mykje å sjå av tenkjarstova til filosofen. Berre tuftene stod att, for i 1958, sju år etter at han gjekk bort, blei det lafta tømmerhuset demontert og atterreist på Bolstadmoen nede i bygda. Planar om å flytta det attende til den intakte grunnmuren i «Austerrike» har eksistert i fleire tiår. I 2016, då Luster kommune kjøpte tomta og stiftinga Wittgenstein i Skjolden blei skipa, skaut planane fart.
Så, 20. juni, etter tallause arbeidshiv med helikopter som frakta originaltømmeret, dei originale vindauga, takhellene og møblane (mellom anna senga til filosofen), var prosjektet i mål: Med den austerrikske ambassadøren til Noreg og Wittgenstein-forskarar frå heile verda til stades avduka statssekretær Sveinung Rotevatn Wittgenstein-huset. Ja, «avduka» er rette verbet. Den symbolske seremonien gjekk nemleg føre seg nede i bygda, der ein tremodell av huset måtte gjera nytta. For i det ulendte «Austerrike», som er så bratt at Anne Knutsdotter ville ha trivst der, hadde ikkje den store seremonilyden fått plass.
Sidan det er sjeldsynt at Skjolden hyser så mange filosofiske kapasitetar på éin gong, blei det i samband med husinnviinga arrangert seminar i bygda. Seminaret var særskilt, sidan tematikken spende frå lafteteknikk til språkfilosofi: Dei lokale handverkarane som har gjennomført flyttinga og atterreisinga, fortalde om arbeidet, og filosofar gav innføringar i Wittgensteins tenkeverd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.