Eit nasjonalt senter med rot i det lokale

VINJE: Fredag 27. august opna Vinjesenteret, eit senter der dikting og journalistikk står i høgsetet.

Asmund Olavsson Vinje tek imot gjestene som kjem til Vinjesenteret.
Asmund Olavsson Vinje tek imot gjestene som kjem til Vinjesenteret.
Publisert Sist oppdatert

«Treng menneske både fantasi og fakta?» og «Kva skjer når terror blir til journalistikk og romanar?» Dette er nokre av dei første spørsmåla ein møter i utstillinga i det nyopna Vinjesenteret. Som besøkande blir ein frå første stund invitert til refleksjon.

Vinjesenteret hadde offisiell opning fredag 27. august. Men sjølv før opninga har dei vore aktive. I 2018 tok dei over drifta av Litteraturdagane, som har vore arrangert i Vinje i Vestfold og Telemark sidan 2001. Festivalen sprang ut frå eit lokalt initiativ. Opninga av Vinjesenteret gjekk parallelt med Litteraturdagane.

I løpet av helga var det forfattarsamtalar, føredrag og konsertar. Til saman var det 3300 besøkande gjennom festivalhelga.

Ifølgje arenaleiar ved Vinjesenteret Kristian W. Rantala er håpet at folk ser seg sjølv i innhaldet, les mellom tekstane og skaper si eiga forståing av det som står der.

– Eg ønskjer at dei skal sitje att med kjensla av kor viktig det er med litteratur for å forstå røyndomen, det same gjeld journalistikken.

Huset ved vegen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement