Eit lukkeleg papirbryllaup
I norsk avisverd er Diktet-spalta snart like einsam som poetane ho lyftar fram, så lat oss feira i lag at spalta no er ti år.
Diktet-spaltisten Asbjørn Aarnes (1923–2013).
Foto: Trygve Indrelid / NTB scanpix
Fredag 4. desember 2009 – medan kampprogrammet for fotball-VM 2010 vart trekt i Cape Town og den nepalske regjeringa samla seg på Mount Everest for å få merksemd om klimaendringane i Himalaya –? dukka det her heime opp ei ny og fast avisspalte om og med dikt. Inga lita hending i ei tid då lesedikta forsvinn frå papiravisene som eit akvarium om bord i eit søkkande skip. Eller som ein kanarifugl i ei gruvesjakt.
Institusjonane
Var utfordringa berre at skriftdiktet fekk mindre plass i den skriftlege ålmenta, kunne ein gjort noko med det. Men det doble havariet kjem av at den skriftlege ålmenta får mindre plass i den store ålmenta.
Å få meir enn tretti meldingar var ikkje uvanleg i 1977, då eg gav ut den fyrste diktboka mi. Snøgt kom dei i dei fleste riksavisene, i Aftenposten, VG, Dagbladet, Morgenbladet, Nationen, Vårt Land, og i mange regionaviser. Større lokalaviser stykkprislønte eigne meldarar. I 1970-åra fekk éin diktdebutant meir merksemd enn ein bokhaust av diktdebutantar får no.
Det var eit anna Noreg med ei anna ålmente, med éin fjernsynskanal og éin radiokanal i eteren og eitt gulostmerke på Samyrkelaget. Boka dominerte kulturfeltet av di musikk og film høyrde til underhaldningsfeltet. Som innlagt vatn rann bokheimen inn i dei små heimane. Det fanst éin bokklubb, med ein lyrikklubb der kostesame og gjennomarbeidde diktbøker kom i store opplag kvar månad.
Lyrikklubben vart skipa i 1962, og alt året etter kom ei smal bok redigert av litteraturprofessoren Asbjørn Aarnes og lyrikaren Emil Boyson. Dei hadde samla danske, svenske og norske attdiktingar av franske dikt. Fyrste opplaget på 5000 eksemplar rakk ikkje; eit nytt opplag kom same år. Same stad redigerte Aarnes ti år seinare eit utval av Boysons dikt; fyrsteopplaget var 8000. Same opplag fekk dei diktbøkene eg redigerte for Lyrikklubben kring 1990.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.