Kunst
Eit liv for kunst og poesi – og for gamalost
Bodil Cappelen fyller 90 år. Mange kjenner henne som kona til diktaren Olav H. Hauge, men ho har mykje meir å by på: Ein allsidig kunstnarkarriere og inngåande kjennskap til gamalost.
Bodil Cappelen heime i si eiga stove.
Foto: Linn Cathrin Olsen / VG / NTB scanpix
«Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak.» Slik lyder opninga av det fyrste brevet Bodil skreiv til Olav. H. Hauge i 1970. Mange kjenner Bodil Cappelen som kona til Olav H. Hauge. Og det verket mange knyter namnet hennar til, er brevskiftet mellom dei som ho gav ut i 1996: Brev. 1970–1975.
Kjærleiken deira fekk i desse breva eit evig uttrykk i Hauges kjende dikt «Vev meg eit teppe, Bodil». Men kjærleiken deira vart òg ytra gjennom det mange vil kalle underlege boktilrådingar. Ein stad i brevskiftet fortel Bodil at ho driv og les Kulten av Kristofer Uppdal – ei verk på nærast esoterisk inntrøndsk. Nei, seier Hauge, «du må lesa Galgeberget og Hagemannen av Kristofer Uppdal». Eit par år seinare råder han henne til lesa Kongsspegelen – for «ho er den fyrste handboki i Skikk og bruk som me har, og er framleis den beste», skriv Hauge.
Kva ville litterære forståsegpåarar sagt om dette i dag? Kor langt er det mogeleg å koma literacy og tekstkompetanse, som er slagorda i norskfaget i dag. Og korleis skal ein svara Hauges kjærleikserklæringar fordekte som tilrådingar av eldgamle bøker. Jau, Bodil hadde svar på lur:
«Jeg er fanatisk tilhenger av gamalost», skriv ho i 1972.
26. april fylte Bodil Cappelen 90 år. Og det er her på sin plass med ein samtale med henne. Det er sjølvsagt naturleg å byrja med diktaren i Ulvik. Men ho har òg løyndomar for mange lesarar.Himmelske køyrety
Bodil Cappelen var 44 då ho flytta inn til den 22 år eldre Olav H. Hauge. Og det er takk vere henne at den største verket til Hauge såg dagsens ljos: Dagbokverket på over 4000 sider – eit eineståande verk i norsk litteratur. Dagbok er vanlegvis noko svært privat, men slik var det ikkje hjå Hauge:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.