Eit lenge varsla sjølvmord

Indre skrømt, kjærleikstap, vestkantkrokodiller og Bygdedyret tok livet av Tor Jonsson.

Publisert Sist oppdatert

Tor Jonsson-jubileet er over. Han var fødd i 1916 og tok ein overdose piller natt til 11. januar 1951, i sommarhytta han leigde ved Bunnefjorden: «Nedanfor hytta ligg fjorden svart og sjølmorddjup. Uhyggeleg still». Der fann venen Tarjei Vesaas han då dei braut opp døra dagen etter. Tor Jonsson døydde 14. januar, 34 år ung.

Mange hadde røynt at det stod ille til med Tor ved juletider. Han var ustabil, nedtyngd av vonlaus kjærleik, både full og skamfull: «Dikt er ei stusseleg erstatning for ulevd liv». Han ymta frampå til fleire om at han kom til å ta livet av seg. Det var ikkje første gongen han bar på slike tankar. Han hadde skrive at suget frå fossen stod som eit ropeteikn over livet hans.

Det siste diktet Tor sjølv la inn i det etterlatne manuset til Ei dagbok for mitt hjarte, begynner slik:

Så stig da i meg, einsemd,

storm mitt jordlivs siste skanse

og øyd min tæringsdraum om lykke her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement