Diktet
Eit kråkebolle-dikt
Ola Grøvdal
Ola Grøvdal.
Foto: Gyldendal
Vi held fram med same diktar som eg nemnde sist, Ola Grøvdal. I samlinga eg omtala sist, Øyfast (1983), handla det om ålmennmenneskelege relasjonar på bakgrunn av eit trøndsk kystlandskap. Eg vart nyfiken på dei førre samlingane hans, Kvifor er alle grindene opne (1975), Salt (1978) og Saklig opplysning om smerte (1981). I mange dikt i desse bøkene handlar det om arbeidarkultur og distriktsopprør. Nivået er ikkje på same nivå som i Øyfast. Det som forundrar meg, er kor stor den aktivistiske rørsla var i 1970-åra, og at slike dikt kom ut på dei store forlaga i Oslo, i dette tilfellet Gyldendal.
Men «Eit kråkebolle-dikt» har ei humoristisk tilnærming til temaet som gjer det mindre einsidig. Dyreallegori og sosial kritikk har lange tradisjonar i litteraturen. Frå mellomalderen kjenner vi det nederlandske Van den Vos Reynaerde (Reven Renart), som handlar om korleis reven lurer storkarane i riket, som løva kong Nobel. Verket er gjennom ein lågtysk versjon omsett til mange språk. I nyare tid finst Animal Farm (på norsk: Kamerat Napoleon) av George Orwell. Det er ein parodi på den russiske revolusjonen, med grisene på garden som kommunistar. Desse bøkene har røter i fabelen: ei stutt, moralsk forteljing der dyr er tildelte menneskelege eigenskapar.
Grøvdals dikt kan kallast ein poetisk fabel. Steinbiten er sjølvsagt storkaren, kapitalisten. Diktaren set så opp to motpolar i dyreriket som bilete på to ulike politiske opprørarar, med utgangspunkt i kystkulturen han er heime i: dei pålitelege, men seinvorne kråkebollane versus dei kraftfulle, men flyktige brennmanetene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.