Eit guddomleg dilemmaEtter 65 teaterframsyningar kan regissør Katrine stundom hate teateret. Men ho klarer heller ikkje å halde seg unna det.
Etter 65 teaterframsyningar kan regissør Katrine Wiedemann stundom hate teateret. Men ho klarer heller ikkje å halde seg unna det.
15. september har Det gode mennesket fraSezuan premiere på Den Nationale Scene, med Ane Skumsvoll i hovudrolla som nettopp det gode mennesket. Dramaet byggjer på ei kinesisk legende som den tyske dramatikaren Bertolt Brecht dikta vidare på i 1942.
Tre gudar søkjer husrom på jorda for å leite etter gode menneske. Den einaste som tilbyr dei ly er den prostituerte Shen Te. Som takk gir gudane henne ein stort pengesum. Etterpå må ho stå til rette for gudane. Er Shen Te framleis god, eller har pengane gjort henne vond?
KLASSISKE MEISTERVERK
Dette er første gong Wiedemann jobbar med teater i Noreg. Ho er ein av dei mest kjende instruktørane i heimlandet, og har hatt teaterframsyningar både i Sverige og i Tyskland. Men tenåringsdøtrene hennar tykte godt om at jobben førte henne til Noreg, heimlandet til NRK-serien Skam.
– Skam er vel litt annleis enn det klassiske dramaet du jobbar med no?
– Ja, men Skam har god dramatikk, og byggjer på dei same dramaturgiske reglane. Begge er komplekse, men samstundes forståelege. Eg har jobba med mange klassiske meisterverk, alt frå Ibsen til Shakespeare. Det som er positivt med klassikarane er at dei også kan skildre vår tid svært godt, seier Wiedemann, og utdjupar:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.