Litteratur
Eit forsvar for dei på utsida
I sin nye roman ville Eivind Riise Hauge syne fram eit heilt menneske i ein vanskeleg situasjon. Då fall valet på det politi og rettsvesen kallar ein gjengangar.
– Eit menneske framfor eit hinder som synest uråd å forsere, er eit godt utgangspunkt for ein tekst, seier bergensforfattaren Eivind Riise Hauge.
Foto: Helge Skodvin
Bergensforfattaren med åtte bøker bak seg har jobba fleire år i rusomsorga og er no litteraturformidlar og bibliotekar ved Bergen Offentlige Bibliotek, med Bergen fengsel som hovudarbeidsstad. Der dei som skal handheve lov og rett berre ser ein gjengangar, og dermed trur dei veit kven «Rorgen» er, ser Eivind Riise Hauge (40) eit menneske med gode og mindre gode sider, ein lesande og reflektert person.
I Korrektur av et sorgens kapittel møter vi Rorgen som varetektsfange, sikta for eit drap han hevdar var sjølvforsvar. Til rettssaka ber forsvararen han førebu ei fri forklaring, der han kan snakke fritt om livet sitt og det som har forma han. Som lesarar blir vi deltakarar i denne prosessen, som er rik på litterære og populærkulturelle referansar, med Mark Knopfler og Dire Straits som leiestjerner.
– Om seg sjølv seier Rorgen: «Selv kommer jeg fra ingenting; fra ingensteds – det finnes ingen plass jeg kaller hjemme.» Kva trur du det gjer med eit menneske å kjenne seg så rotlaus?
– Eg trur ikkje den refleksjonen er uvanleg for eit menneske som ikkje har funne fotfeste og kanskje ikkje heller kjenner seg heime i seg sjølv. Det er truleg svært tungt å hjelpe slike menneske å finne ei retning, for ikkje noko er forankra frå byrjinga av. Ofte har dei heller ikkje kontakt med eigne kjensler, då blir livet utrygt og vanskeleg. Vi må tru at nokre skilsetjande opplevingar har øydelagt mykje for Rorgens sjølvkjensle.
Hauge seier det er viktig å skrive om desse menneska for å syne at det finst ein eller annan heilskap.
– Vi skal ikkje berre avfeie folk. Når du kjem djupare inn i Rorgen, ser du at det er eit ekte liv der. Han har forsert mange ulike hindringar på ymse vis. For meg er det svært interessant å skrive eit forsvar for slike som han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.