Litteratur
Eit anna menneske
No vil han berre kvitte seg med alt, og sidan Aina ikkje vil ha hårtufsar flygane rundt inne, gjer dei det ute. Det har inga hensikt å vente lenger, det er berre å setje i gang.
Aina har sett klar ein kjøkenstol ute på altanen. Jonny røyker ferdig ein sigarett før han set seg ned. Det er mange månader sidan sist, og håret har vakse seg stort og tjukt. Det liknar verken det eine eller det andre. Han har prøvd seg med noko voks i, men det fungerer ikkje. Aina går inn på badet og hentar sauesaksa, som ho kallar maskinen. Maskinen stiller ho på tre millimeter.
Dei høyrer lyden av bilar som passerer nede på E39. Kan hende ser sjåførane Jonny i stolen, dei bryr seg ikkje. Slik har det alltid vore å bu ved ein veg. Dei som passerer, snur seg og ser huset til Aina og Jonny ein kort augneblink.
Av og til held dei på med noko utanfor. Bilane køyrer uansett vidare. Kan hende lurer dei på kva dei eigentleg såg, var det eit dyr som hoppa rundt der oppe? Bur det folk der?
Aina og Jonny ensar dei ikkje, ikkje før ein bil senkar farten og svingar av frå hovudvegen. Då kan det vere besøk eller nokon som har køyrt feil og må spørje etter vegen. Dei har ingen naboar, så noko er det.
Altanen er i bruk kvar dag, om morgonen står Jonny der med ein kaffikopp og strekker seg. Aina tassar ut barbeint i morgonkåpa og myser på gradestokken som heng på veggen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.