JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Eit anna menneske

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3085
20230526
3085
20230526

No vil han berre kvitte seg med alt, og sidan Aina ikkje vil ha hårtufsar flygane rundt inne, gjer dei det ute. Det har inga hensikt å vente lenger, det er berre å setje i gang.

Aina har sett klar ein kjøkenstol ute på altanen. Jonny røyker ferdig ein sigarett før han set seg ned. Det er mange månader sidan sist, og håret har vakse seg stort og tjukt. Det liknar verken det eine eller det andre. Han har prøvd seg med noko voks i, men det fungerer ikkje. Aina går inn på badet og hentar sauesaksa, som ho kallar maskinen. Maskinen stiller ho på tre millimeter.

Dei høyrer lyden av bilar som passerer nede på E39. Kan hende ser sjåførane Jonny i stolen, dei bryr seg ikkje. Slik har det alltid vore å bu ved ein veg. Dei som passerer, snur seg og ser huset til Aina og Jonny ein kort augneblink.

Av og til held dei på med noko utanfor. Bilane køyrer uansett vidare. Kan hende lurer dei på kva dei eigentleg såg, var det eit dyr som hoppa rundt der oppe? Bur det folk der?

Aina og Jonny ensar dei ikkje, ikkje før ein bil senkar farten og svingar av frå hovudvegen. Då kan det vere besøk eller nokon som har køyrt feil og må spørje etter vegen. Dei har ingen naboar, så noko er det.

Altanen er i bruk kvar dag, om morgonen står Jonny der med ein kaffikopp og strekker seg. Aina tassar ut barbeint i morgonkåpa og myser på gradestokken som heng på veggen.

Dei har ein grill i eit hjørne og blinkande julelys på rekkverket. Om kveldane når det er varmt nok, sit dei i kvar sin stol under halvtaket. Badekaret som stod i huset, som ein gong tilhøyrde besteforeldra til Aina, kom aldri lenger enn ut på altanen. Ein sjeldan gong tappar Aina i glovarmt vatn og legg seg naken oppi. Det er ikkje noko for Jonny.

Det kiler i nakken når Aina startar maskinen og byrjar å skrelle av hår. Ingen seier noko.

Nokre hårtustar blir tekne av vinden og flyg i retning badekaret eller opp i lufta, resten hamnar under stolen på terrasseborda.

Det er ikkje nokon spegel framfor Jonny, slik det gjerne er i ein frisørsalong. Han kan ikkje følgje med på kva Aina gjer. Berre kjenne nevane hennar og maskinen som går att og fram. Han sit og tek imot dei siste stripene av kveldsola, som held på å forsvinne bak fjellet. Han høyrer pusten til Aina og stolar på at ho veit kva ho held på med, det er uansett ingen veg tilbake. Kveldane kjem til å bli kaldare framover.

Aina har aldri sett noko særleg pris på tatoveringane som armane til Jonny er fulle av, og det er vel tvilsamt om ho nokon gong kjem til å gjere det.

Ho børstar vekk hår frå nakken med ein kost, og endå ei tatovering dukkar opp. Det kan ikkje vere tvil om at no blir det andre tider, med denne nye sveisen, eller utan sveis, får ein vel seie.

Det er ikkje godt å vite kva som kjem til å skje no. Kan hende må dei til byen og handle nye klede? Då kan det fort balle på seg. Éin ting er sikkert: Mange kjem ikkje til å kjenne att Jonny, dei kjem til å tru at det er eit anna menneske.

Frank Tønnesen

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis