Musikk
Ein ventil for det umoglege
Då Lars Petter Hagen spelte i orkester som barn, fekk han ei kjensle av at han vart del av noko større, noko han tidlegare ikkje visste om.
Lars Petter Hagen er direktør for Festspillene i Bergen. Til programmet for festivalen i 2025 valde han utopi som tema.
Foto: Thor Brødreskift
Mitt fyrste møte med utopisk tenking kom nok med musikken, seier Lars Petter Hagen, komponist og leiar av Festspillene i Bergen.
Han sit i ein djup sofa i resepsjonen til eit hotell på Bryggen i Bergen og tenkjer tilbake på då han spelte klarinett i ungdomsorkester i Ski.
– Det var før eg heilt hadde ord for det, men musikken vart viktig for å kunne førestille seg ei anna verd. Eit fritt rom der alt var mogleg. Eg skjøna at erfaringa var fantastisk. Ikkje heilt kvifor, men at det var greitt at eg ikkje skjøna det. Det trong ikkje forklarast. Etter kvart vart det også ein måte å stille spørsmål ved det beståande på.
Han har seinare tenkt at det ligg noko utopisk i dette.
Kunst og utopi
Då eg las Lars Petter Hagens føreord i programmet til Festspillene i Bergen i fjor, vart eg nyfiken på han som komponist og festivalleiar. Tema for festivalen var utopi, etter Thomas More si bok Utopia frå 1516, og i føreordet til programheftet skreiv Hagen om denne ikkje-staden. Utopia er ein imaginær stad som er ideell, men som ikkje eksisterer i røynda. Han skreiv vidare at kunsten for han kan vera denne staden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.