Diktet
Ein sunnmøring full av idealisme og skrivelyst
Les om diktet «Urt i asfalt» av Jostein Krokvik.
Foto: Norsk Bokreidingslag
Jostein Krokvik (1927–2007) er eit kjent namn i nynorsk skriftkultur. Denne sunnmøringen som til dagleg arbeidde som tannlækjar, var full av idealisme og skrivelyst. Sume lesarar kjenner Krokvik frå tidsskriftet Vestmannen, som kom ut mellom 1982 og 2009, og som var tilknytt Vestmannalaget i Bergen – kjent for den høgnorske varianten av nynorsk.
Men Vestmannen var større enn språkpolitikk, for Krokvik opna spaltene for litteratur, kultur og historie i vid tyding. Det var mange som fekk si fyrste skrivetrening der, mellom andre underteikna. Eg hadde mine fyrste artiklar om poesi på prent i Vestmannen. Den litterære essayisten Arne Horge, kjend frå Klassekampen, var dessutan eit fast innslag i Vestmannen.
Jostein Krokvik skreiv mange bøker, særleg barnebøker, han var òg redaktør i Norsk Barneblad eit bel. Han skreiv òg om målsoge og målpolitikk, og han gav ut eit par diktsamlingar, som Luftspeglingars brotstykke (1994), som dette diktet er henta frå.
«Urt i asfalt» er eit klassisk modernistisk dikt – slik vi kjenner denne tradisjonen frå sentrale norske modernistiske lyrikarar, Tarjei Vesaas og Rolf Jacobsen, som kombinerte modernisme med miljøengasjement og kritikk av den framandgjerande storbyen.
Det grafiske oppsettet illustrerer temaet for diktet: Diktet strekkjer seg opp over sida liksom ein betongmonolitt i «rette linors stil». For Krokvik er den vesle urta i asfalten eit «utropsteikn» på livet og livskreftene som ikkje lèt seg knekkje.
1990-åra, då diktet vart skrive, inneber faktisk eit skifte i norsk arkitekturpolitikk. Med nyliberalismen, som fekk påverknad på byggjenæringa, skaut talet på kvadratmeter kjøpesenter og parkeringsplassar i Noreg i vêret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.