Ein som lagar ting

Carl Frode Tiller har aldri vore ein Bjørnson.

Publisert

Å tala om språk er stort sett meta. Meta bør journalistar halda seg unna. Vi forstår ikkje noko av det. Men no lyt vi til pers, for Carl Frode Tiller var førre veke årets festspeldiktar på Dei nynorske festspela i Hovdebygda. Det vart han av di han skriv godt og attpåtil skriv på nynorsk. Så då må vi gjennom det vanlege: Kvifor skriv han, korleis ser han på forfattarolla og kvifor nyttar han nynorsk?

Han opnar med å gjera intervjuaren «ottefus», som Hallstein Bronskimlet sa på sin konstruerte nynorsk. Eg spør om han liker å verta utsett for slike intervju som han er vorten utsett for i Hovdebygda.

– Det kjem an på kven som intervjuar meg.

Kvifor?

Eg fylgjer opp med det mest klassiske og irriterande spørsmålet forfattarar får: Kvifor skriva?

– Eg veit ikkje heilt... Men eg har vel det same svaret som musikarar har når dei vert spurde om kvifor dei speler: Det er nok den måten eg utrykkjer meg best på. Eg oppdaga tidleg at eg kunne denne sjangeren, at eg meistra han snøgt. Eg uttrykte meg betre når eg skreiv enn når eg snakka. Det vart eit frirom. Når ein skriv, i det minste skjønnlitterært, kan du nytta fantasien. Du kan bestemma sjølv. Så held eg berre fram med å vera i frirommet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement