Ein norsk tradisjonNorske skular sender elevane sine hovudsakleg til konsentrasjonsleirar frå den andre verdskrigen. Men tradisjonen vekkjer reaksjonar.
Norske skular sender elevane sine hovudsakleg til konsentrasjonsleirar frå den andre verdskrigen. Men tradisjonen vekkjer reaksjonar.
Foto: Czarek Sokolowski / AP
Kvar går skulereisene i andre europeiske land? For Noregs del er det ikkje tvil. Elevar frå skular i heile landet reiser til Polen og Tyskland for å lære om den andre verdskrigen og Holocaust. Organisasjonen Hvite Busser styrer med slike reiser. Han vart skipa i 1992. Sidan har 160.000 deltakarar reist til konsentrasjonsleirar.
Kulturelle opplevingar står òg på programmet, som besøk til byane Krakow, Berlin og Warszawa. Men hovudsaka er menneskerettar, menneskeverd og demokrati, står det på nettstaden. Difor er besøk til leirar som Auschwitz og Sachsenhausen viktige.
«Senil bestemor»
Skulereiser til Auschwitz vekkjer debatt. I siste nummer av Morgenbladet seier den jødiske filmskaparen Udi Nir at klasseturen tener staten Israels nasjonalistiske politikk. Israel er òg eit land der Auschwitz er eit viktige reisemål for skulane. I 2015, ved syttiårsfeiringa for frigjeringa av Auschwitz, sa den tyskjødiske forfattaren Henryk M. Broder at det var på tide å gløyme Auschwitz. Han meinte det retorisk, for det blir «som ei stadig meir senil og tevjande bestemors fødselsdagsfeiring». Sjølv i Polen er det stor debatt: Polens senat vedtok no i februar at Auschwitz ikkje får kallast ein polsk leir. Det vekkjer harme i Israel, fordi mange polakkar var medskuldige i holocaust.
Somme norske lærarar har òg kommentert reisene: Dei meiner ungdomen ikkje er mogen nok for opplevingane, at dei ikkje er førebudde, eller at dei ser på turane som reine feriereiser.
Noreg i særklasse
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.