JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ein kalkun på ville vegar

Er det berre merkevarebygging som ligg bak framlegget om å endre Turkey til Türkiye?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Korfor heiter landet og fuglen det same på engelsk? Og kva seier tyrkarane?

Foto: Wikimedia Commons

2996
20220128
2996
20220128

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan kunngjorde nyleg at han vil erstatte det engelske namnet på landet, Turkey, med den tyrkiske stavemåten Türkiye fordi det «betre representerer kulturen, sivilisasjonen og verdiane til landet enn variantar som Turkey, Turkei, Turquie».

Slett ikkje alle tydingar av det engelske ordet turkey er like flatterande. Grunntydinga er den store fuglen som me kallar kalkun, og som amerikanarar og britar fablar om å ete på Thanksgiving og i jula, slik ein vestlending fablar om pinnekjøt og kålrabistappe.

Men det er nok ei av dei andre tydingane av turkey Erdogan har sett i halsen, nemleg den at turkey også kan tyde ein flopp eller ein fiasko. Men korfor heiter landet Tyrkia og kalkun det same på engelsk? Og kva kallar tyrkarane då ein kalkun?

Ein tyrkisk kalkun

Turkey hen var ein type fugl som vart importert frå Madagaskar via Tyrkia. Då kalkunen vart oppdaga i Nord-Amerika, vart han heitande turkey fordi ein trudde han var av same slekt.

Den andre tydinga av turkey – noko som er mislukka, ein flopp – er yngre. I amerikansk og fransk slang er kalkun ein person som er dum, treg eller inkompetent. Kanskje har det noko med at kalkunar ikkje er særskilt elegante: ikkje kan dei fly, og dei har blitt oppfatta som dumme.

Tydinga har gått vidare til show business, der turkey er eit dårleg show eller eit show som floppar. Dette uttrykket fekk gjennombrot i allmennspråket med boka The Golden Turkey Awards frå 1980, der forfattarane deler ut ein gyllen kalkun-pris til regissørar, skodespelarar og filmar dei meiner er reine makkverk.

Ein eksotisk kalkun

Tyrkia er ikkje det einaste landet som har fått (den tvilsame) æra for kalkunen. Det tyrkiske ordet for kalkun er hindi, som knyter namnet til India. Tyrkarane er ikkje åleine om å knyte kalkunen til India. Franskmennene kallar fuglen dinde, altså frå India.

India er òg opphavet til det norske ordet kalkun. Det kjem frå nederlandsk kalkoen, ei forkorting for kalkoense haan, altså ein hane frå byen Calicut, dagens Kolkata, i India. Sjølv om dei fleste namna på kalkunen er knytte anten til Tyrkia eller til India, har fuglen fått namn etter mange ulike stader, på arabisk heiter han dik roumi, romersk, altså bysantinsk hane, på indonesisk heiter han ajam belanda, hollandsk høne, og grekarane kallar han galopoula, fransk høne. Geografisk mest treffsikkert er portugisisk, der fuglen vert kalla peru.

Så sjølv om nokon kallar kalkunen ein flopp, er det ikkje til å stikke under stol at han er vidgjeten i verda: fuglen frå India, Tyrkia, Frankrike, Nederland og Peru.

Vil me i framtida kalle Tyrkia for Türkiye? Nei, tvert imot, me trur forslaget er ein skikkeleg tyrkisk kalkun.

Ingvil Brügger Budal og Klara Sjo

Ingvil Brügger Budal er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Klara Sjo er leksikograf ved Revisjonsprosjektet ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis