Ein bauta for
Kjell Inge Røkke er forretningsmann. Når han vil byggje Nordens høgaste hus på Fornebu, handlar det om økonomisk profitt. Men det handlar òg om å reise ein bauta over seg sjølv.
Modell av den 200 meter høge bygningen til Kjell Inge Røkke som er meint å huse World Ocean Headquarters (WOH), eit verdsleiande havsenter på Fornebu.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Ein blått, kvast tårn mot ein klår blå himmel. Ikring ligg nærings- og forskingsparken Fornebu, med skyhøge eigedomsprisar. Slik har vi fått presentert Kjell Inge Røkkes ambisjon for Noreg, som Erna Solberg deler: ein skyskrapar som internasjonalt senter for havforsking, med REV Ocean, Røkkes nye havforskingsselskap, i spissen. På Fornebu, der hovudkontoret til Røkkes Aker alt ligg, skal Verdenshavets hovudkontor – World Ocean Headquarters – plasserast.
Den reine, blå skyskraparen, som har fått namnet «Det store blå», skal spegle draumen om reine, blå verdshav utan plast og anna forureining. Bygget, ein skyskrapar på 60 høgder, 200 meter høg – og dermed det høgaste bygget i Norden – til tre milliardar kronar, er ei gåve frå Røkke, ein gåvepakke til havforskarar.
Økonomisk profitt
Men så enkelt er det ikkje. Kjell Inge Røkke er forretningsmann, og tårnet, som alt har fått kallenamnet «Røkketårnet», handlar om økonomisk profitt. Men det handlar òg om ein aldri så liten bonus for Røkke: Mannen bak Aker skaper ein 200 meter høg bauta over seg sjølv som miljøforkjempar.
Og som forretningsidé inneheld «Det store blå» mange av dei gamle triksa, nemleg høghus, statleg–privat samarbeid og hastverk i byggjeprosessen. Vi tek dei eitt for eitt.
Lukrative høghus
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.