¿ Ein arkitekturpris utan appell

I Noreg er Straumen kåra til den mest attraktive staden, men norske aviser nemner det knapt. Kvifor? Fordi vi ikkje har eit arkitekturspråk som appellerer til folk.

Straumen på Inderøy har fått Attraktiv by-prisen.
Straumen på Inderøy har fått Attraktiv by-prisen.
Publisert

Lytt til artikkelen:

I slutten av august vart Winsum kåra til den vakraste staden i Nederland av turist- og bilistorganisasjonen ANWB. I grunngjevinga for prisutdelinga kryr det av adjektiv og superlativ som talar direkte til folk. Vi kan unne oss nokre gloser på nederlandsk: Levendig, charmant, prachtig, heerlijk – een prachtdorp! («ein praktlandsby!»), var konklusjonen til juryen.

Avisene, både lokal- og riksaviser, fylgde etter. Volkskrant skriv «You Winsum, you lose some». «Som å koma til Amsterdams travlaste handelsgate», skriv NRC Handelsblad, som besøkte landsbyen.

Og turiststraumen lèt seg ikkje stogge. «Det finst ikkje parkeringsplassar, sykkelstativ og offentleg toalett nok», står det i Dagblad van het Noorden. Ikkje berre nederlendarar syner interesse for byen. Den amerikanske ambassadøren i Nederland har vore innom. «No kjem kinesarane», heiter det i avisene.

«Proaktiv tettstad»

Om lag ein månad seinare, 21. september, skjer ei liknande prisutdeling i Noreg: Straumen i Trøndelag får Attraktiv by-prisen, ein pris som Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut. Prisen går til ein stad med berekraftig by- og stadutvikling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement