Ei populær spelekvinneSigrid Moldestad tar med seg heimstaden inn i musikken, men også verdsproblem får plass på den nye plata.

Sigrid Moldestad tar med seg heimstaden inn i musikken, men også verdsproblem får plass på den nye plata.

Sigrid Moldestad meiner at spelekvinnene frå Nordfjord og Sunnmøre var noko for seg sjølv.
Sigrid Moldestad meiner at spelekvinnene frå Nordfjord og Sunnmøre var noko for seg sjølv.
Publisert

Folkemusikaren legg i desse dagar ut på noregsturné med den nye plata Vere her. Den dagen eg møter henne, har ho spelt konsert i Bergen kvelden før. I 17 år har ho budd i byen, men heimkommunen Gloppen i Nordfjord er likevel ein stor del av musikken.

– Gloppen er på ein måte den musikalske ballasten min. Det er eit kulturelt miljø heime som eg ofte søkjer meg til. Eg fordjupar meg i tradisjonane heime, og det er mellom anna der eg har læremeisteren min, John Oddvar Kandal, fortel Moldestad.

Gloppen har lenge hatt eit godt kulturelt miljø. I september vart kommunen kåra til Noregs beste musikkommune 2017. I denne regionen har det historisk sett vore uvanleg mange kvinner som spelte fele. Moldestad har sjølv gått inn i historia og leita dei fram til prosjekta Taus (2010) og Samuline – frå fela flyg din song (2017). Særleg interesserte ho seg for Samuline frå Hornindal, ein felespelar som døydde 68 år gamal i 1872.

– Ho må ha vore veldig god. I tillegg hadde ho ni barn, men fleire av dei døydde. For meg er ho nærmast ein mytisk figur. Spelekvinnene frå Nordfjord og Sunnmøre var noko heilt spesielt. Ein høyrer ikkje så ofte om kvinner med fele på denne tida i andre område.

– Tap for variasjonen

Moldestad vart fødd Breim, knappe to timar frå Hornindal. Som sjuåring byrja ho å spele piano, men var ikkje så interessert i å lære notar. I staden fekk ho ei fele av bestefaren sin, som også spelte fele.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement