JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ei ny akt i sløserispelet

Kunstnar Morten Traavik er ikkje utsett for hemn frå Kulturrådet, forsikrar rådsleiar Sigmund Løvåsen. Han ønskjer seg meir debatt om tildelingspolitikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med framsyninga Sløserikommisjonen skapte Morten Traavik (her med flagg) rasande debatt alt før premieren i mai i fjor.

Foto: Thor Brødreskift / Traavik.info

9158
20220902

Norsk kulturråd

Offentleg organ under Kulturdepartementet.

Oppretta i 1965.

Gjev tilskot til kunst og kultur og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål.

Har ca. 150 tilsette og kontor i Oslo, Bodø og Trondheim.

Forvaltar Norsk kulturfond, Statens kunstnarstipend, Fond for lyd og bilete og fleire andre støtteordningar.

Forfattaren Sigmund Løvåsen har vore rådsleiar sidan mars i år.

Sløserikommisjonen

Scenekunstprosjekt frå kompaniet Traavik.info.

Framført i Bergen 14.
mai 2021 og i Drammen 22.
juni 2021.

Den såkalla «sløseriombudsmannen» Are Søberg står sentralt.

Søberg har raljert over norske kunstnarar på Facebook.

Mange i kunstfeltet kritiserte Morten Traavik for samarbeidet med Søberg.

Stykket er tema for NRK-dokumentaren Prosjekt sløseri.

Kunst

peranders@dagogtid.no

Om målet med kunst er å skape debatt, lukkast scenekunstnar Morten Traavik i fjor godt med framsyninga Sløserikommisjonen. Blant deltakarane på scena var den såkalla «sløseriombudsmannen» Are Søberg, som i ei årrekkje hadde harselert med statsstøtta kunstnarar på Facebook. Ei rekkje scenekunstnarar hevda at Traavik bidrog til trakassering, og debatten vart lang og hard.

Sist veke avslo Kulturrådet søknaden frå kompaniet Traavik.info om 4,5 millionar kroner årleg i såkalla kunstnarskapsstøtte dei neste fem åra. Kompaniet har sidan 2006 fått 32,4 millionar i støtte frå Kulturrådet, skriv Klassekampen. I Aftenposten måndag hevda Traavik at han no blir straffa av Kulturrådet for Sløserikommisjonen. Kulturrådet kunne på si side vise til at dei aller fleste søkjarane på støtteordninga har fått avslag. «Det er mange viktige kunstnerskap som nå blir stående utenfor ordningen», sa Peder Horgen, leiar for fagutval for dans, til NTB. Grunngjevingane for avslaga er ikkje offentlege.

– Ikkje hemn

Denne saka er eit godt utgangspunkt for å stille prinsipielle spørsmål om kunst, kvalitet og statsstøtte. Om det skal vi snakke med Sigmund Løvåsen, forfattar og rådsleiar i Kulturrådet. Men først må vi snakke spesifikt om Traavik-saka. Og avslaget sist veke har ingenting med hemn å gjere, forsikrar Sigmund Løvåsen.

– Søknaden frå Traavik er handsama på lik line og ut frå same kriterium som dei andre søknadene. Det var 38 søkjarar på ordninga for kunstnarskap, og berre seks av dei fekk støtte. Vi har eit sterkt og vitalt scenekunstfelt i Noreg. Denne ordninga er i spenninga mellom å gje langsiktige arbeidsvilkår og å løfte fram nye stemmer. Også søkjarar som har fått støtte over fleire år før, kan få avslag.

– I NRK-dokumentaren Prosjekt sløseri seier styreleiaren for kompaniet at det er ein kampanje på gang, og «neste steg er at Traavik.info misser støtta». Han vart sannspådd?

– Ja, eg høyrde han sa det. Og den som vil, må gjerne setje fram ein teori om at Kulturrådet straffar kritikarane sine. Vi toler godt kritikk frå kunstnarar og andre, vi får det heile tida. Kulturrådet gjev mellom 4000 og 5000 avslag kvart år. Og det skal vere diskusjon om korleis Kulturrådet forvaltar over 900 millionar kroner årleg. Det burde vore meir diskusjon om dette.

– Kan det vere at kunstnarar er varsame med å protestere på avslaga fordi dei ikkje vil utfordre systemet?

– Avgjerdene til Kulturrådet blir ikkje styrte av om folk meiner dei rette eller galne tinga offentleg. Om nokon trur at det er slik, må vi informere betre om korleis tildelingssystemet fungerer.

– Men det er ikkje tvil om at Morten Traavik gjorde seg mektig upopulær i mykje av Kultur-Noreg med Sløserikommisjonen?

– Det stemmer, det var mange sterke reaksjonar på den framsyninga.

– I utvalet for fri scenekunst vart tre av medlemene funne inhabile i vurderinga av søknaden til Traavik. Kva var årsaka til dette?

– Eg har ikkje kjennskap til kva som låg bak den avgjerda, seier Løvåsen.

Fridom og styring

Så er det prosessen bak tildeling av støtte frå Kulturrådet. Søknadene skal vurderast av kunstnarar og kulturarbeidarar i såkalla fagutval, og slike har Kulturrådet til saman 13 av.

– Medlemene i utvala skal ha kompetanse frå det aktuelle kunstfeltet. Til saman sit det kring 130 personar i dei ulike råda og utvala våre. Ved oppnemninga blir det lagt stor vekt på at medlemene i kvart utval skal ha ulik bakgrunn, representere ulike kunstnarlege retningar og ha geografisk spreiing. I tillegg skal medlemene rullere ganske ofte. Vi må ha utskifting slik at ikkje eitt kunstsyn festar seg som rådande, seier Løvåsen.

– Noreg er eit ganske lite land, og på somme kunstfelt er det truleg ikkje så mange som er kvalifiserte til å sitje i utvala?

– Det er rikeleg med kvalifiserte folk å hente inn til utvalsarbeidet. Jobben er mest å setje saman eit breiast mogleg utval.

–?Er det mogleg å tildele pengar på smale felt utan at kameraderi eller trynefaktor spelar ei rolle?

– Ja, det vil eg seie. Så er det sjølvsagt større fare for inhabilitet på mindre felt, men vi har klare og tydelege habilitetsreglar.

– Dei fleste er truleg samde om at kunsten bør vere fri. Men er finansieringa gjennom Kulturrådet eigentleg friare enn anna finansiering?

–?Ho er i alle fall fristilt frå politisk styring, det skal vere armlengds avstand mellom politikken og kunsten. Men ulike tildelingssystem er frie og ufrie på kvar sine måtar. Systemet vårt er ikkje feilfritt. Men eg trur prinsippet om støtte basert på ei kunstfagleg vurdering er det beste vi kan kome opp med.

Kvalitet

– Det ligg vanskelege spørsmål i kjernen av kulturpolitikken. Kva kriterium skal staten bruke for støtta si til kulturlivet?

– Dei frie kunstnarlege ytringane er ein heilt sentral del av eit fungerande demokrati, og slike ytringar bør ha eit sterkt vern. Det handlar òg om at publikum skal ha tilgang til kunst og kultur over heile landet. Kulturrådet skal utjamne skilnader og auke tilgangen på kunst og kultur uavhengig av kor folk bur, seier Løvåsen.

– Kulturpolitikk var enklare da det handla om nasjonsbygging, danning og dyrking av kanon. Når kunsten skal vere fri, utfordrande og undergravande, tyt vel paradoksa fram?

– Det var dine ord. Det Kulturrådet gjer, handlar kanskje ikkje så mykje om nasjonsbygging. Men det handlar om å byggje det norske samfunnet. Frie kunstnarlege ytringar er ikkje berre ein del av demokratiet. Kunst og kultur er òg viktig i livet til dei som lever i Noreg.

– Men det er vanskeleg å lage kriterium for kvalitet i kunsten. Korleis kan utvala avgjere kva som er støtteverdig og ikkje?

–?Kulturrådet arbeider ut frå fleire ulike kvalitetsomgrep. Om vi gjev støtte til ei ny rullestolrampe ved eit forsamlingshus i Troms, er det ut frå ei anna kvalitetsvurdering enn ved tildelinga av støtte til eit teaterkompani eller innkjøpet av ei ny bok.

– Heldige er dei som skal vurdere kvaliteten på rullestolrampa.

– Ja, der har vi byggteknisk forskrift å halde oss til. Kvalitetsvurderinga vår handlar om noko anna. Men igjen kjem vi attende til det med mangfaldet. Vi vil at ulike kunst- og kulturuttrykk skal nå flest mogleg. Så kan sjølvsagt ikkje kvart einskilt kunstuttrykk nå alle, men det handlar om summen.

– Men når kvalitetsvurdering er vanskeleg, aukar vel faren for at tildelingane blir påverka av kameraderi, politiske omsyn eller gammal vane?

– Kvalitetsvurdering er komplisert, same kva kriterium ein legg til grunn. Det er ein grunn til at vi nyttar fagutval der mange ulike typar kompetanse er representerte.

Privilegerte

–?Eg las korrektur på årsmeldingane til Kulturrådet nokre år. Dei handla mest om å legitimere seg sjølv gjennom talfesting. Støtta frå Kulturrådet førte til så og så mange teaterframsyningar, så og så mange seminar. Å snakke om kvalitet i slike dokument er nær umogleg.

– Ja, og slik er jo heile rapporteringssystemet. Det har sin bakgrunn frå andre felt. Tala kan vere nyttige som verktøy og gje ein peikepinn, men dei seier jo ikkje alt. Iblant kan ein ha større måloppnåing på eit felt sjølv om publikumstala er lågare enn året før, til dømes ved at ein får til betre geografisk spreiing.

– Staten brukar konsulent­-
firma som Rambøll og Oslo Economics for å evaluere kultursektoren, skreiv Morgenbladet nyleg. Veit konsulentane til Rambøll kva som er verdifull og viktig kunst?

– Nei, men det er kanskje ikkje oppgåva deira. Vi har heldigvis andre fagmiljø som er betre eigna til å undersøke korleis det står til.

– Finst det nokon måte å sleppe frå desse problema på? Eller lever norsk kultur i den beste av alle moglege verder?

–?Vi er i alle fall privilegerte samanlikna med mange andre land. Men vi skal aldri slå oss til ro. Kunst- og kulturlivet er i stadig utvikling, og styresmaktene og Kulturrådet må ha eit sjølvkritisk blikk på politikken og tilskotsordningane.

– Støtta som Kulturrådet gav til Traavik.info i 2019, held i alle fall fram med å betale seg. Dette intervjuet er enda eit framhald av Sløserikommisjonen.

– Ja, absolutt. Vi er alle ein del av Traaviks kunstverk, seier Sigmund Løvåsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det skal vere diskusjon om korleis Kulturrådet forvaltar 900 millionar kroner årleg.

Sigmund Løvåsen, rådsleiar
i Kulturrådet

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis