Litteratur
Ei mors historie
Færøyske Vónbjørt Vang får Nordisk råds litteraturpris 2025 for ei poetisk forteljing om ei fortvila mor som mistar fotfestet når son hennar kjem ut av kurs.
Vónbjørt Vang er sentral i det kulturelle og litterære miljøet på Færøyane.
Foto: Thomas Koba
Gleda er stor på Færøyane om dagen – over å få ikkje berre éin, men to fornemme Nordisk råd-prisar: filmprisen for Sakaris Stórás Det sidste paradis på jord og litteraturprisen, som denne gongen går til forfattaren Vónbjørt Vang for diktsamlinga Svørt orkidé (2023).
I omtalen av den færøyske sigeren går det igjen kor overraskande det er at ein forholdsvis ukjend forfattar kan vinne over litterære tungvektarar som norske Johan Harstad og andre kjende nordiske forfattarar. Men etter 39 år var det kanskje på tide med ein færøysk siger. Vónbjørt Vang er den tredje færøyske forfattaren som får Nordisk råds litteraturpris, etter William Heinesen (1965) og Rói Patursson (1986).
Svørt orkidé er eit estetisk lite bokverk sett saman av lyriske og essayistiske tekstar, litterære sitat, dagbokstekstar og erindringar, med fargerike kollasjar innimellom.
Ned i underverda
Ein av dei litteraturhistoriske tekstane som fungerer som referanseramme, er det udøyelege eventyret «Historien om en mor» av H.C. Andersen, om ei fortvila kvinne som følger etter og tar igjen døden, som tok barnet hennar.
«Historien om en mor» er ei symbolsk skildring av ei mors tyngste utfordring: Ho må erkjenne og akseptere at barnet hennar er borte. På same viset krinsar Svørtorkidé tematisk rundt ei mors sorg og redsel over at son hennar hamnar i trøbbel i oppveksten. Men i motsetning til barnet i H.C. Andersens historie er sonen i Svørtorkidé i live, og korleis sørger ein over eit levande barn?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.