¿ Ei kjærleikshistorie
KJÆRLEIK VED FØRSTE TRÅKK: Kalkhoff, you complete me.
Foto: Randi Fuglehaug
Lytt til artikkelen:
Han var min fyrste, og ingen av dei som kom etter, kunne måle seg med han.
Han var lyserosa.
Eg hugsar den kriblande kjensla av å hente han ut frå garasjen om våren, men eg hugsar også kjensla av å ha vakse frå han.
I mange år etterpå levde eg i platoniske sykkelforhold. Eg elska ingen av dei høgt nok. Eg behandla dei ikkje slik dei fortente å bli behandla. Eg mista interessa, eg smurde ikkje kjeda. Det gjekk slik det måtte. Dei rusta framfor auga mine, ein etter ein.
Då me for åtte år sidan kjøpte hus langt aust i hovudstaden, parkerte eg sykkelen min utanfor. Der blei han ståande sommar og vinter, utan å bli stolen – og utan å bli brukt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.