Diktet

Ei hudlaus og naken stemme

Synne Vo har gitt ut eitt album og ei lang rekke singlar, alle på Lesja-dialekt.
Publisert Sist oppdatert

I dag vil eg skrive litt om låtskriving. 

Før Beatles var det vanleg at ein tekstforfattar og ein komponist skreiv songar for ulike artistar, ofte kvar for seg. Det var folk som Irving Berlin, Jerome Kern og her heime Alf Prøysen, Bjarne Amdahl ofl.

Men med Beatles kom ein ny trend der artistane sjølv laga songane sine. Folk som Lennon/McCartney, Bob Dylan og ABBA-gutane. Dei skreiv tekstar og laga musikk og vart kalla låtskrivarar. Styrken deira var at dei var lite skolerte. Skoleringa var ofte bandkonseptet. Det var samspel og diskusjonar i øvingslokalet som førte til løysingar dei skolerte ikkje ville ha brukt. I populærmusikken kan ein kalle dette ein revolusjon. 

Og etter kvart som utstyr og hjelpemiddel utvikla seg, kunne også enkeltpersonar leike fram låtar i studio eller heime.

I vår tid blir tusenvis av nye låtar produserte dagleg. Det er mange der ute med talent og skaparkraft. Det vert fort slik at vi gamlingane sit på vår høge hest og er skeptiske og kritiske, men dei unge har ei frisk tilnærming som vi oppi åra har mista.

Ta for eksempel «Her vil e vær» av og med Synne Vo (f. 1998). Songen til Synne frå Lesja er enkel, og eg veit ikkje korleis ho har laga han. Songen er open og ærleg, noko som kan få ein såkalla forståsegpåar til å fnyse litt. Eg hugsar godt då professor Georg Johannesen slakta tekstane til Åge Aleksandersen. Det var ovanfrå og ned, og vanskeleg å forsvare seg mot for den som vart angripen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement