Litteratur
Ei dramatisk kvinnehistorie
Finst det ein litterær sjanger Tommi Kinnunen misliker, må han skrive ein roman i den sjangeren. Denne gongen blei det ein vandringsroman om eit tema som har vore dyssa ned sidan krigen.
Romanen til Tommi Kinnunen som kjem ut her i landet til hausten, vart røysta fram som Finlandia-favoritt 2020 av finske lesarar.
Foto: Joonas Brandt / WSOY International Press
I Finland snakkar dei gjerne om krigen, den heroiske vinterkrigen, men om den såkalla framhaldskrigen, der Finland slo seg i hop med Hitler-Tyskland, skal det helst ikkje talast. Heller ikkje om dei finske kvinnene som følgde med tyskarane då Wehrmacht i 1944 trekte seg ut av Finland og over grensa til Noreg.
Då dei etter den tyske kapitulasjonen blei internerte og skamklipte på norsk side før dei slapp fri, valde somme av dei å ta heimvegen til fots. Dei har no fått sitt minnesmerke i form av romanen Ingen anger, omsett til norsk av Turid Farbregd. Arbeidet med å førebu ei filmatisering er alt i gang.
Forfattaren har rekna ut at Irene, den fiktive hovudpersonen i boka, gjekk 638 km. Kor lang tid den slitsame og farefulle ferda kan ha teke, anar han ikkje, difor nyttar han ingen datoar i teksten. Men mange veker må det vere snakk om.
Kvinnelagnader
Heime i Kuusamo fekk Kinnunen (f. 1973) som liten høyre små brotstykke av historier om det som blei kalla «unge, dumme kvinner». Ei av dei skal ha vore tenestejente hos oldemor hans. For nokre år sidan las han ein forskingsrapport som skildra nokre av desse kvinnelagnadene – sjølv om ikkje ei einaste kvinne eller etterkommar hadde vilja stå fram og fortelje kva ho hadde opplevd. Det er bakgrunnen for at romanen er utstyrt med ein dedikasjon til dei som vel togna som lettaste veg.
– Men det stod noko i rapporten som fortalde meg at den historia eg hadde fått høyre, var usann. Slett ikkje alle desse kvinnene var «tyskartøser», 60 prosent av dei som følgde dei tyske styrkane til Nord-Noreg, gjorde det fordi dei elles ville miste godt betalt arbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.