Egyptisk vår

Dagfinn Nordbø fekk ein roleg ferie med ti liter vin i veka og inngåande kjennskap til Sharm el-Sheikh.
Dagfinn Nordbø fekk ein roleg ferie med ti liter vin i veka og inngåande kjennskap til Sharm el-Sheikh.
Publisert

Det skjedde i dei dagar då den arabiske våren braut ut. Eg høyrde noko arabisk musikk på radioen og vips hadde eg tinga reise til Egypt. Eg skulle bu i Sharm el-Sheikh, på Sinaihalvøya, der hotell står i hopetal og tek imot vestlege turistar. Så var meininga å reise innom Kairo, byen med dei 1100 moskeane, men på grunn av dei revolusjonære opptøyane blei det forbod mot å dra dit, og dei organiserte turane blei avlyste. Og kven torer å dra til ein slik by utan kjentmann, midt i ein politisk revolt, utan å kunne eit ord arabisk?

Ein ven av meg, Mona Eltahawy, fekk armen broten og blei seksuelt trakassert på Tahrir-plassen, så eg fann ut at Kairo ikkje var staden for meg. Resultatet var at eg fekk ein temmeleg roleg ferie og inngåande kjennskap til Sharm el-Sheikh. Vatnet i Raudehavet er krystallklart, ølet var godt, og til og med vinen var heilt i orden. Egyptarane var jo blant dei første til å lage vin, men med islam blei produksjon og sal ikkje det det ein gong var. Vi turistar fekk libanesisk vin, gratis til og med, med all inclusive-pakka vår. Bartenderane oppdaga at eg var glad i raudvin, og ein dag sa dei: «Vi trur du drikk ei flaske om dagen, så vi ordnar ein tiliterskartong du kan ha på rommet.» Snakk om service! Ved hotellet fanst ei spritsjappe med egyptiskproduserte ting som whisky. 17 prosent alkohol, og hadde ein skotte oppdaga det, ville han ha banna i ein månad samanhengande. Då eg smakte på ein, fann eg raskt ut at han nok eigna seg best til å reinse frontruta på bilar med.

Personalet var langreist, frå Kairo og endå lenger unna, velutdanna engelsktalande folk som ofte budde 60 mil frå arbeidsplassen. Det gjorde Mohammed Frank, den alltid smilande sufimuslimen frå Aswan som eigenhendig dreiv det enorme beduinske teteltet midt på hotellområdet. Mohammed kunne by på dei fleste typar te, egyptisk kaffi og shisha – vasspiper på rekke og rad. Opningstidene var som følger: alltid ope.

Mohammed er eit av dei mest fantastiske menneska eg har møtt. Heime i Aswan gjekk kona med det første barnet deira i magen, og her sat han smilande og serverte hibiskuste til ein nordmann og lærte meg å røyke vasspipe. Ei enorm parabolantenne sørgde for at han hadde 60–70 TV-kanalar å hygge seg med når det ikkje var kundar. Favorittkanalen min var ein der sufimuslimar syng og dansar uavbrote, noko som òg viser kva enorm variasjon som finst i islam. Skal eg bli muslim, må det altså bli sufi. Nokre muslimar seier jo at både musikk og dans er den puraste styggedom, og i Noreg er det somme i bibelbeltet som meiner ståande samleie må bli forbode fordi det kan føre til dans.

Sharm el-Sheikh er opphavleg ein liten fiskarlandsby, og eit besøk i fiskerestaurantane der er vel verdt å prøve. Skaldyr er spesialiteten, men vin får du ikkje kjøpt til maten, så det er heilt i orden å ha med sin eigen vin. Hummar og Pepsi har aldri vore min føretrekte kombinasjon.

I buffeen på hotellet hadde dei som forventa tilpassa menyen til vestlege ganar, med tillegg av enorme mengder frukt. Dei mest typiske egyptiske rettane fekk vi ikkje smake mykje av, men eg vil sterkt tilrå å prøve. Eg blei spesielt glad i omeletten med fetaost, som kokken laga mens vi venta. Rør saman fire egg med litt pepar. Ha dei i steikepanna på middels varme. Når dei er faste, legg du i om lag tre skeier smuldra fetaost, som er rørt ut med ørlite mjølk. Fald omeletten éin gong, og han er ferdig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement