Kultur

Du store møbel

Kanskje sit du i ein av dei 550.000 sofaene vi nordmenn kjøpte i fjor, akkurat no.

Publisert Sist oppdatert

I ein episode av radioprogrammet Med all respekt på NRK, der blant andre Tara, Abu og Galvan raljerer om livet, fortel Tara – detaljert og med Edvard Griegs «Peer Gynt Suite no. 1» som lydspor – om då ho henta ein sofa ho kjøpte på Finn. Abu og Galvan er med som hjelparar. Tara og Abu ber – eller hiv – sofaen ned fire trapper i ein bygard i Oslo sentrum, mens Galvan prøver å få parkert.

Då dei endeleg skal få sofaen inn i leigebilen, går det ikkje.

– Bilen er ein halv meter for kort, seier Tara.

Kranglande prøver dei å presse sofaen inn.

– Vi øydelegg putene. Vi øydelegg understellet på bilen. Vi prøver å knuse ruta.

Til slutt får ho tak i eit flyttebyrå som flyttar sofaen for 2000 kroner. Ho betalte 3500 kroner for den gamle, skitne sofaen og 1000 for leigebil. For det kunne ho kjøpt ein designsofa, konkluderer Galvan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement