Film

Dokumentarfilm om ordkunst

– Eg likar å veksle mellom prosa og poesi, og i denne samanhengen kan eg ikkje berre snakke om orda, eg må vise dei, seier kinoaktuelle Runar Gudnason.

Side Brok-artisten Runar Gudnason er aktuell med filmen «Eg har ord».
Side Brok-artisten Runar Gudnason er aktuell med filmen «Eg har ord».
Publisert

Dokumentarfilmen Eg har ord dreier seg om livshistoria til Runar Gudnason – mest kjend frå rappegruppa Side Brok.

– Eg har roa litt ned på rapturneringa og ynskjer å avslutte det kapittelet, seier artisten.

Han har sjølv hovudrolla i sin eigen film, men vil ikkje omtale produksjonen som ein sjølvbiografi.

– Dette er ikkje nokon A til Å-film, seier Gudnason og forklarer at dramaturgien mest liknar eit essay.

Han legg til at det er snakk om ein sterkt redigert versjon av røyndomen, og at han har redigert der han tykte det var naudsynt. Gudnason trur filmen er annleis enn mange er vane med, og nemner innslag av rim i forteljarstemma, og at mange scener er klipte som musikk.

– Eg skulle lage film om danske rapparar og vart sjølv rappar ved ein feil. Då var det opplagt at eg måtte finne ut kvifor det gjekk som det gjekk, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement