Død operadiva atter på scenaFørti år etter at ho gjekk bort, skal operalegenda Maria Callas halde konsert att – som hologram.

Førti år etter at ho gjekk bort, skal operalegenda Maria Callas halde konsert att – som hologram.

Maria Callas er i ferd med å få eit kyss frå produsent Franco Zeffirelli i 1964. Det blir nok verre å kysse hologrammet.
Maria Callas er i ferd med å få eit kyss frå produsent Franco Zeffirelli i 1964. Det blir nok verre å kysse hologrammet.
Publisert

Den merkverdige seansen vil skje på Koninklijk Theater Carré i Amsterdam 26. november, melder den nederlandske avisa Volkskrant. Det er ikkje tale om eit eksperiment i ein liten operakafé. Hologrammet vil bli akkompagnert av seksti levande musikarar. I tillegg blir det spela originalopptak av Callas.

Den gresk-amerikanske operasongaren Maria Callas vart fødd i New York i 1923 og døydde i Paris i 1977. Jamvel om karrieren hennar vara berre femten år, blir ho rekna som ein av dei mest framskotne personlegdomane i operahistoria. Ho var kjend for ein bohemsk livsstil. Ho hadde kjærleikstilhøve til Aristoteles Onassis. Men når dei begge skilde seg for å sameinast, endra han meining og gifte seg med Jacqueline Kennedy i staden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement